Dei heilage apostlar Peter og Paulus

Tekstane for festen for apostlane Peter Og Paulus er Apg 12:1-11, 2Tim 4:6-8.17-18 og Matt 16:13-19. Eg siterer fyrst evangelieteksten, deretter epistelteksten:

Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han disiplane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son av Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»
(Matt 16:13-19)
For eg blir no ofra, og tida er komen då eg skal fara herifrå. Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. Så ligg no rettferdskransen ferdig til meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma…

Men Herren var med meg og styrkte meg, så forkynninga skulle fullførast og alle folkeslag få høyra — og eg vart berga ut or løvegapet. Ja, Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han vere ære i all æve! Amen.
(2Tim 4:6-8.17-18)

Dagen for dei heilage apostlane Peter og Paulus var eigentleg den 29. juni. Fader Oddvar Moi, kapellan i St. Paul katolske kyrkje i Bergen, for augneblinken i Italia, forklarar i bloggen sin at 29. juni er helgedag/fridag i Italia, mykje på grunn av at Peter Og Paulus er så knytt til Roma. «Hvorfor er apostlene Peter og Paulus, så viktige for Italia?» spør Oddvar Moi. «Fordi de begge led martyrdøden i Roma.» Og nettopp dette er svært viktig. I sitt fyrste brev skriv Johannes om kvifor han og andre er kristne, kvifor Peter og Paulus gjekk i døden.

Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi. Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner for dykk det evige livet. Det var hos Far og vart openberra for oss. Det vi har sett og høyrt, forkynner vi òg for dykk, så de skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus. Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
(1Joh 1:1-4)

Kvifor gjekk Peter i døden? Og kvifor sa Paulus at han — som stod framføre sin død — hadde «stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua»? Og kvifor skulle dette gje han «rettferdskransen»? Jo, fordi den personen han sette sin lit til, Jesus Kristus, er «vegen, sanninga og livet,» og «ingen kjem til Faderen utan gjennom han» (Joh 14:6). Dei gav livet sitt for sanninga, for «Messias, den levande Guds Son.»

I kristendommen har ein eit ordtak som går slik: Sanguis martyrium — semen christianorum; «blodet åt martyrane er de såkornet åt dei kristne.» Tenk at i den tida — når valden mot kristne stod høgast, og forfylginga var som verst — så gjekk Kyrkja framover i mykje tørre tempo enn i dag. Og sjå berre på forskjellen mellom vesten og andre delar av verda. Kvar går kristendommen mest fram?

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s