RE: Helvete og Guds nærver

Som de sikkert hugsar, publiserte eg ein post om helvete og Guds nærvær for ikkje så altfor lenge sidan. I den posten her tenker eg å diskutere dette vidare, då eg meiner det er viktig, men kommentarsystemet er ikkje godt nok for at eg skal ta det i den opphavlege posten.

Der nemnte eg 2Tess 1:9, der Paulus seier: “Straffa dei [fortapte] skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt…” Det greske ordet som er omsett med “borte frå,” haplos, er — i fylgje ein eg diskuterte med — fleirtydig eller tvetydig på same måte som det engelske “from.” Det kan altså bety både “borte frå” og “på grunn av.” Dersom det siste er korrekt, blir verse slik:

Straffa dei [fortapte] skal lida, blir ei evig fortaping på grunn av Herrens andlet og på grunn av hans herlegdom og makt…

Dette trur eg er korrekt. Her kan vi bruke eit bilete frå Ringdrotten (Ringenes Herre). Der er det slik at Gollum — han som har mista, forspilt, sin hobbitnatur, som “lever etter kjøtet,” som det heiter. “Den som sår i sitt eige kjøt og blod, haustar forderving frå kjøtet,” skriv Paulus, “men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.” (Gal 6:8) I boka ser vi at Gollum ikkje klarar å ete Lembasbrødet, det brødet som alvane lagar. Det er for reint og heilagt for han. Og det tåler han ikkje — han blir pint av det. Eit anna bilete finn vi i den fyrste boka om Haryy Potter, der ein lærar på skulen — som er vond — ikkje klarar å ta på Harry fordi mora til Harry ofra seg for han, og kjærleiken gjennomstrøymer han. Læraren, Quirrell, døydde av å ta på han Dumbledore forklarar Harry at for Quirrell, som deler si sjel med Voldemort, og som difor ikkje kan seiast å vere særleg “heil i si ferd,” var det ei pine å ta på noko som var merka av noko så godt (kjærleik). Dette kan vere eit bilete på fortapinga. Nokre sitat:

God is Truth and Light. God’s judgment is nothing else than our coming into contact with truth and light. In the day of the Great Judgment all men will appear naked before this penetrating light of truth. The “books” will be opened. What are these “books”? They are our hearts. Our hearts will be opened by the penetrating light of God, and what is in these hearts will be revealed. If in those hearts there is love for God, those hearts will rejoice seeing God’s light. If, on the contrary, there is hatred for God in those hearts, these men will suffer by receiving on their opened hearts this penetrating light of truth which they detested all their life.— Alexander Kalomiros, River of Fire, kap. XIV

God himself is both heaven and hell, reward and punishment. All men have been created to see God unceasingly in His uncreated glory. Whether God will be for each man heaven or hell, reward or punishment, depends on man’s response to God’s love and on man’s transformation from the state of selfish and self-centered love, to Godlike love which does not seek its own ends…

Since all men will see God, no religion can claim for itself the power to send people either to heaven or to hell. This means that true spiritual fathers prepare their spiritual charges so that vision of God’s glory will be heaven, and not hell, reward and not punishment. The primary purpose of Orthodox Christianity then, is to prepare its members for an experience which every human being will sooner or later have.

— John S. Romanides, Franks, Romans, Feudalism, and Doctrine, del 2

Både Gollum og Quirrell er fanga inn av den vonde. Dei kjenner seg fordømde av Guds gjennomtrengande kjærleik og heilagdom, og avviser det.

Sjølv trur eg dette er ei rett tolking av fortapinga (og av Harrys kamp mot Quirrell, men det er ikkje tema for posten). Men enkelte meiner at dette ikkje tar omsyn til det Bibelen skriv om Guds dom over oss. Alvin Kimel skriv om dette i bloggen Pontifications, der han — med utgangspunkt i same artikkelen som eg siterte i den opphavlege posten — tar opp dette:

As attractive as this construal of Hell is (if any construal of Hell can be considered “attractive”), I have to wonder if the concern for eternal justice is being dismissed too easily. Certainly we see this concern expressed in many of the writings of the Church Fathers. Does not both Scripture and Holy Tradition compel us to affirm that God’s decision to allow the damned to eternally endure the sufferings of their hatred for his love is itself the divine punishment that justice requires?

Eg meiner Kimel tar feil, noko Fr Martin Fox også tar opp i ein kommentar til Kimel sin bloggpost:

I see no conflict.I recall a quote, which I attributed to St. Catherine of Siena (but which I googled just now, and got nothing): “the fire of hell is the light of God, rejected.”

Here is another thought: St. Thomas Aquinas taught that God created us such that sins contain their own punishments; sin is frequently unsatisfactory, and pursuit of particular sins leads to a slavery to them. This from memory; perhaps I am misremembering.

Third, many say of hell that God is “absent”; I recall hearing that idea as a boy; but surely this is incorrect. How can God be absent? And if God is present, then he is present in all his attributes–hence, his love, his mercy, his beauty, his glory–are somehow present.

For a damned soul, all this must surely be torment.

Slik eg ser det, misser vi ikkje vår frie vilje etter døden (dersom det er eit liv etter døden, slik eg trur). Difor vil vi — liksom Adam og Eva — kunne forkaste Gud også då. Eg vil også nemne ein bibelstad som ofte blir sitert for å underbyggje universalismen, 1Kor 15:25-28:

For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden. For alt har han lagt under hans føter. Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er Gud som har lagt alt under han. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle. (mine uthevingar)

Eg tolker ikkje dette inn i universalismen, men med utgangspunkt i [min reviderte versjon av] 2Tess 1:9: “Straffa dei [fortapte] skal lida, blir ei evig fortaping på grunn av Herrens andlet og på grunn av hans herlegdom og makt…”

For å forklare dette betre, skal eg ta for meg historia om Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego i Dan 3:1-30. Her kan vi lese om at kong Nebukadnesar laga ei biletstøtte av gull som folket skulle falla ned å tilbe (v. 1-6), “så snart de [høyrde] lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument”. Gjorde dei ikkje det, skulle dei “straks kastast i omnen med logande eld.” Tre judearar, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, ville ikkje tilbe dette gudebiletet (v. 9-12), og difor vart Nebukadnesar arg og sint (v. 13). Han kalla dei til seg, spurte dei ut, men dei svara at dei ikkje ville gjere det (v. 16-18). På grunn av det, befala Nebukadnesar menna sine om å gjera omnen sju gonger sju gonger så heit som vanleg (v. 19), og kasta dei tre judearane inn (v. 21-23). Dei som førde dei inn i omnen vart drepne på grunn av den store varmen. Då det hadde skjedd, står det at kong Nebukadnesar vart forfærd. Eg siterer (v. 24-26):

Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: “Var det ikkje tre menn vi kasta bundne ned i elden?” “Jau visst, konge,” svara dei. Då sa han: “Men eg ser fire menn gå fritt ikring i elden, og det finst ikkje mein på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.” No gjekk Nebukadnesar bort til døra i den glødande omnen og ropa: “Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Den Høgste Gud, kom ut!” Og Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego kom ut or elden.

Eg tolker denne historia slik: Kan det ikkje då vere snakk om at omnen representerer Gud, og at vi — gjennom Kristus — får “del i guddomleg natur”, og at dei som forkaster Gud kjenner hans nærvær som ein drepande eld. For, som det står i 5Mos 4:24 (jmf. Hebr 12:29): “For Herren din Gud er ein øydande eld, ein brennhuga Gud.”

Dette trur eg vi finn att i æva. Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego nekta å tilbe biletet av kong Nebukadnesar, og vart difor ikkje drepen av elden. Dette blir det også spelt på i Johannes’ Openberring, 14:9-11:

Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: “Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet. Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.”

Frederica Mathewes-Green skriv om dette, i artikkelen sin:

“The same sun that melts wax hardens mud” is how Origen, the 3rd century Egyptian writer, put it. In the 4th century, St. Basil the Great used the story of the three young men in the fiery furnace (Daniel 3:1-30) as an illustration: the fire spared the prayerful trio, while the guards who threw them in were destroyed.

Så, når Gud er “alt i alle”, så kan det også vere snakk om fortaping for dei som har forkasta dette, og som ikkje har “del i guddomleg natur”. Då avsluttar eg med eit sitat om Gud frå den katolske teologen Hans Urs von Balthasar: “God is the ‘last thing’ of the creature. Gained, he is Heaven; lost, he is Hell; examining, he is Judgment; purifying, he is Purgatory.”

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s