Vår veikskap, Hans styrke (14. søndag i det allmenne kyrkjeåret)

Tekstane for 14. søndag i det allmenne kyrkjeåret er Esek 2:2-5, 2Kor 12:7-10 og Mark 6:1-7a. Eg skal i dag berre sitere evangelietksten og epistelteksten, og gje ein kort kommentar då eg ikkje har tid til å blogge denne søndagen.

Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og disiplane følgde han. Då sabbaten kom, tok han til å undervisa i synagogen. Mange som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer! Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hos oss?» Og dei vart forarga og avviste han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hos slektningane sine og i sitt eige hus.» Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei. Og han undra seg over at dei var så vantruande. Så drog han rundt i landsbyane der omkring og underviste. Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.
(Mark 6:1-7a)
Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.
(2Kor 12:7-10)

Poenget med denne er at det er Kristi kraft, ikkje vår, som lækjar. Det er i vår veikskap vi er sterke. Husk på det.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s