Gå ut! (15. søndag i det allmenne kyrkjeåret)

Tekstane for 15. søndag i det allmenne kyrkjeåret er Amos 7:12-15, Ef 1:3-14 (evt. Ef 1:3-10) og Mark 6:7-13. Lat meg sitere teksten frå GT, samt evangelieteksten:

Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet. I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.» Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet og ikkje profetsvein. Eg er gjætar og dyrkar morbærfiken. Men Herren tok meg bort frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og ver profet for Israel, mitt folk!»
(Amos 7:12-15)

Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene. Han sa til dei at dei ikkje skulle ta noko anna med seg på vegen enn ein stav — ikkje brød, ikkje veske, ikkje pengar i beltet. Dei skulle ha sandalar på føtene og ikkje ha på seg meir enn éin kjortel. Og han sa til dei: «Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare. Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

Så tok dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om. Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.
(Mark 6:7-13)

Denne søndagen er det evangelisering og profetverksemda i Kyrkja som «står på plakaten.» Notér at eg ikkje nemner utdriving av vonde ånder, og lækjing av sjuke. Dette er sekundære ting. Vi er kalla til å vere Guds representantar på jord (men det er også eit hierarki hjå oss, sjå ein post seinare i veka). «Så er vi no sendebod for Kristus,» skriv Paulus, «og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud!» (2Kor 5:20)

Men kvifor er dette så viktig? Det mest framtredande svaret er sjølvsagt; fordi vi har møtt sanninga, bokstavleg tala. Kristus er «vegen, sanninga og livet,» og det er gjennom Han vi blir frelst, og får «del i guddomleg natur.» (2Pet 1:4)

Kvifor skal vi sitje å halde fast på dette, som om sanninga vart mindre om vi delte den? Det er det som er så fascinerande med det åndelege (og det abstrakte): det blir ikkje mindre om vi deler det! «Gå ut!» sa Kristus. Og det bør vi fylgje!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

2 comments on “Gå ut! (15. søndag i det allmenne kyrkjeåret)

  1. Les også Oddvar Moi sin tale i St. Paul kirke i Bergen, 16. juli. Den finn du her, på hans personlege blogg.

    mvh

  2. Og her finn du lestetekstane med patristiske kommentarar (på engelsk).

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s