Sitatet: 21. juli 2006

«Sæl er den som finn visdom, det menneske som vinn godt skjøn. Det er betre å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, er større enn gull… Han er eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.» — Ord 3:13-14.18

Kommentar: Filosofi er eit låneord frå gresk, og det betyr «kjærleik til visdom.» Difor trur eg at vi kan kalle kristendommen for ein filosofi, eller den sanne filosofi. I 1Kor 1:24 står det at Kristus er «Guds kraft og Guds visdom,» og gjennom Han får vi del i det som er betre enn sølv, som gjev større vinning enn gull — livsens tre!

I 1Mos 2:17f kan vi lese at Gud befale Adam: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.» Dette betyr ikkje at Gud drep oss, for det er ikkje han som skapar døden (Visd 1:13), men at rein kunnskap — utan vegleiing ved visdom — fører til sjølvdestruksjon og død — og ikkje noko «del i guddomleg natur.»

Gud nektar oss ikkje kunnskap, men som ein god Far vil han gje det til oss i delar, med Han sjølv — Visdomen — som vegleiar. «Eg er vegen, sanninga og livet,» sa Kristus. Fylgj Han! Fylgj visdomen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s