Forsoning og guddomleggjering (16. søndag i det allmenne kyrkjeåret)

Tekstane for 16. søndag i det allmenne kyrkjeåret er Jer 23:1-6, Ef 2:13-18 og Mark 6:30:34. Eg skal ikkje sitere alt, men Jer 23:1, Mark 6:34 og heile epistelteksten:

Ve dei hyrdingane som øydelegg og spreier den flokken eg har på beite, lyder ordet frå Herren. (Jer 23:1)

Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting. (Mark 6:34)

Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod. For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg — og skapa fred. I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. (Ef 2:13-18)

Kva er det store poenget i dagens tekstar? Jo, at vi er skilde frå Gud, at vi er som bortkomne sauar i mangel av ein gjetar til å få oss heim. Måten han gjorde dette på, var rett og slett det vi kan kalle for det «gudmenneskelege,» at Ordet, Gud, vart menneske (Joh 1:14), og at Gud lyfta oss opp i felleskap med Han. Vi var før «langt borte,» men er no «komne nær på grunn av Kristi blod.» Dette blodet viser oss at Gud vart menneske, levde som menneske på godt og vondt, slik at vi gjennom Han, gjennom å vere knytt til Han, kunne bli forsona med Gud. Som Athanasius sa det; «Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort.» Eller som det kom fram i eit intervju med Kjell Arild Pollestad om filmen The Passion of the Christ:

Som katolsk pater understreker han at tradisjonen med en sterkere “glorifisering av lidelsen” er lang i den romersk-katolske kirke, og han viser ikke minst til billedfremstillinger av Jesu død på malerier og krusifikser i latinske land gjennom mange århundrer fra middelalderen og fremover, og kanskje særlig i Spania. (…)

For å forstå en katolsk “glorifisering av lidelsen” mener Pollestad det også er interessant å peke på en annen forskjell mellom det katolske og det protestantiske, to tradisjoner, to hovedtendenser i selve Gudsbildet. I protestantisk og særlig lutheransk tradisjon opererer man en slags objektiv frelses- og forsoningslære: Gud er objekt og grunntonen overfor mennesket er vreden over mennesket, og at Jesus tar på seg dette for å få fjernet vreden, “han dør i mitt sted”. Kristus ofrer seg for å mildne Guds vrede. I den katolske kirke er det derimot også levende en forestilling om Gud som subjekt: Gud blir menneske, og påtar seg menneskets lidelse gjennom korsfestelsen, Han går menneskets vei. Og da er det slik at Påsken, med Oppstandelsen, minner om at lidelsens vei også er livets vei. Gud viser oss derfor et påskelys over jorden, smiler pateren.

Legg også merke til Pauli gjentatte bruk av ordet «kropp.» Dette indikerer at når vi blir frelste, så er vi ikkje berre åndar som «flyg rundt,» men verkelege menneske, med ånd sjel og kropp. «Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom,» skriv Paulus. «Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det.» (2Tess 5:23f)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s