Sitatet: 28. juli 2006

«Gud, du har oss til deg, og vårt hjarta er uroleg inntil det finn kvile i deg.»

— Augustin

Kommentar: Døden, fortapinga — vårt eksistensielle skilje frå Gud (fortapte er også i hans nærver, Sal 139:7-8, Luk 16) — er ikkje noko Gud skapte for å straffe oss, det er ei straff vi sjølv tar på oss — vår sjølvdestruksjon (Visd 1:13-15). Som Augustin her seier, så er det altså slik at vi er skapte til Gud, og difor vil livet utan Han vere noko mindre, noko umenneskeleg. Gud sa til Adam at dersom han åt av frukta på kunnskapens tre [før tida], så ville han døy (1Mos 2:16f), men Han sa ikkje at det var Han som ville gjere dette. Kunnskap er nøytralt, og må difor «edlast» gjennom visdom.

Gud såg på sitt skaparverk, inkludert mennesket, «og sjå, det var overlag godt.» (1Mos 1:31) Det at døden, den eksistensialistiske døden, vår forkasting av Gud og vår narcistiske fokus på vår eigen person, kom inn i verda var eit resultat av at vi ikkje ville vere med Gud, at vi ikkje ville høyre på dette som Augustin fortel oss; at utan Gud, då er vi urolege, vi er ikkje der vi skal vere.

Augustin

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s