Olsok

I dag er (eller teknisk sett i går var) det altså olsok — minnedagen for heilag-Olav. Tekstane for dagen er Visd 10:10-14, Jak 1:2-4.12 og Matt 16:24-28. Eg skal ikkje skrive mykje, berre sitere lesetekstane, samt vise til denne artikkelserien om mannen.

Visd 10:10-14:

[Visdomen] leia ein rettvis mann på rett veg då han flykta frå sin bror; den viste han Guds rike og gav han kunnskap om dei heilage englar. Den krona hans slit med framgang og lønna hans strev med rik frukt. Når undertrykkarane ville forgripa seg på godset hans, kom visdommen han til hjelp og gjorde han rik. Den berga han frå fiendane, og sikra han mot dei som stod han etter livet. Den gav han siger i den harde kampen, for at han skulle vita at agen for Gud maktar alt.

Visdommen svikta ikkje den rettvise da han vart selt, men bevara han frå synd. Den gjekk saman med han ned i fangeholet, og forlét han ikkje då han satt i lenker. Til slutt gav den han herskarstaven og makt over dei som hadde undertrykka han. Den avslørte løgna hos dei som hadde baktala han, og gav ham uvisneleg heider.

Jak 1:2-4.12:

Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar; for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod. Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel… Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han.

Matt 16:24-28:

Same gongen sa Jesus til disiplane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort. Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

One comment on “Olsok

  1. Les Odvar Moi sitt innlegg om Heilag Olav. Han posta det på den rette dagen, 29. juli.

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s