Herrens forklåring

Tekstane for Herrens forklåring er Dan 7:9-10.13-14, 2Pet 1:16-19 og Mark 9:2-10. Eg skal ikkje sitere desse, men berre skrive ned nokre tankar omkring forklåringa — transfigurasjonen.

Ein kan seie at Kristi forklåring er den dagen vi feirar at Kristus openberra sitt «sanne eg» — at Han er sann Gud og sant menneske, og at vi gjennom dette skulle få del i frelsa. «For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg,» skriv Paulus, «og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.» (Kol 2:9f) Ola Breivega skriv:

Til liks med dei fleste av dei greske kyrkjefedrane som har tala om forklåringi, lærer [Gregorios Palamas] at den mystiske opplevingi er uskapt og guddomleg. Det ljoset læresveinane såg på berget, høyrer Gud til av natur. Æveleg, uendeleg, tidlaust og romlaust kjem dette ljoset til synes i gudsopenberringane i Det gamle testamentet som Guds herlegdom (sjekinah). Med inkarnasjonen vert det guddomlege ljoset so å seia konsentrert i Kristus, for «i han bur heile guddomsfylla lekamleg» (Kol 2,9). Dette tolkar den ortodokse tradisjonen soleis at Kristi menneskenatur vart guddomleggjord gjennon den hypostatiske (personlege) sameiningi med den guddomlege naturen — og at Kristus under heile sitt jordeliv alltid stråla i guddomleg ljos. Men dei fleste av samtidingane hans kunne ikkje sjå det. Med Kristus hende det ingenting under forklåringi. Men det hende noko med læresveinane hans, med medvitet deira, so dei ei liti stund vart i stand til å sjå sin Herre og Meister slik han verkeleg var, strålande i sin guddomsnaturs ævelege ljos.

— Ola Breivega, Austanljos, s. 43

Meditér på dette i dag, og tenk på at «Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort,» for å sitere Athanasius.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a comment