Sitatet: 11. august 2006

«Å synde er det same som å ikkje gjere det gode som ligg i vår natur.»

— Thomas Aquinas

Kommentar: Synd er essenstielt unaturleg. Når Bibelselskapet i si omsetjing av 1978/85 omset sarx med «vår syndige natur» (Rom 7:5) eller «vår vonde natur» (Rom 8:4), så er dette omsett feil. Mennesket, er ikkje syndig av natur, det er skapt i Guds bilete, og er — som resten av skaparverket — «overlag godt» (1Mos 1:31).

Sarx betyr «kjøt,» og eg trur at det er ei meining bak dette ordet. Eg trur at mennesket er skapt til å leve i eit hierarki, der vår ånd skal styre, herske over, sjela og kroppen. Dei skal altså beherskast. Men når mennesket syndar, og lar kroppen — «kjøtet» — styre, så vil det altså leve i motsetnad til naturen.

Så, poenget til Thomas Aquinas er at mennesket naturleg sett er godt, og at synd er imot vår natur, menneskenaturen slik vi ser den i Jesus Kristus.

Johannes skriv at «Ordet vart kjøt,» men det betyr ikkje at Kristus var syndig. Det betyr at Kristus var eit menneske som også hadde ein kropp, men at Han ikkje levde etter den, men etter ånda. Som Paulus seier det, Rom 8:6: «For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.»

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s