Kommunion med Gud (20. søndagen i det almenne kyrkjeåret)

Tekstane for denne søndagen er Ord 9:1-6, Ef 5:15-20 og Joh 6:51-58. Eg siterer teksten frå GT, samt evangelieteksten:

Visdomsmøya har bygt seg hus og hogge til sine sju søyler. Ho har slakta fe, blanda vin og duka bordet. Ho har sendt ut sine jenter og ropar oppe frå byens høgder: «Hit kan den urøynde venda seg.» Og til den tankelause seier ho: «Kom og et av min mat og drikk av den vin eg har blanda. Lat tankeløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen vitet viser!» (Ord 9:1-6)

Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.» No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss kroppen sin å eta? Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. Den som et min kropp og drikk mitt blod, blir verande i meg og eg i han. Slik den levande Far har sendt meg, og eg har liv ved han, slik skal òg den som et meg, ha liv ved meg. Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen. Det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» (Joh 6:51-58)

I Joh 6:32 seier Kristus at Han er «det sanne brødet frå himmelen,» og i v. 55 seier Han at «kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk.» Men kva er dette?

Sjølv les eg Eukaristien,* nattverden, inn i denne teksten, og ser ikkje problemet som mange har med å sjå dette. Kanskje det ligg i det faktum at om ein gjer det, så er ikkje frelsa «rein åndeleg» lenger, og mange har jo sett seg eit ubibelsk skilje mellom ånd og materie.

Men kva er nattverden, eigentleg? For å forklare litt om dette, skal eg ta for meg ofringane og tempelskikkane som ein kan lese om i GT. I artikkelen «The Eucharist: Its continuity with the bread sacrifice of Leviticus» skriv antropologiprofessoren Mary Douglas om korleis Eukaristien kan knyttast til brødofringane i gammaltestamentleg tid:

For Christians a loaf of bread and a cup of wine would substitute for the flesh and blood of animals. Jesus’ death was to be the offering that would replace the offerings required in the old law. The institution of the Eucharist was understood to be a new covenant, the foundation of a new relation to God, the basis for the Christian theology of redemption. Jesus is recorded as having said it clearly enough on that occasion (Matthew 25:26; Mark 14:22; Luke 22:20). It was a radical break, but at the same time no one could argue that the Christian Eucharist was a brand new institution. It clearly has continuity with the Bible. The Last Supper was the paschal meal. The bread sacrifice of Melchizedek (Gen. 14:18; Ps. 110:4) is honoured in Christian teaching (Heb. 5:6, 10; 6:20; 7:1). But neither of these points allow a parallel to be drawn between the Eucharist and the regular sacrificial system of the temple. Melchizedek, king of Salem, was not a descendant of Abraham; he is mentioned in Genesis and not in the law book, Leviticus. Here I wish to argue that the doctrine of the Eucharist was actually continuous with Bible teaching on sacrifice and that there was a solid basis for bread sacrifice laid down in Leviticus itself.[1]

For å forstå dette, så må ein sjå det i ein paktskontekst. For å seie det enkelt: Eukaristien er for den nye pakta det brødofringane og dyreofringane var for den gamle. For eit godt døme på kommunion i GT kan vi sjå på 2Mos 24:1-11, der Gud gjorde ei pakt med Israel. Det står at nokre unge israelittar «bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren» (v. 5), og at Moses «tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret.» (v. 6)

Det blodet han hadde i skolene, skvette han på folket, og sa (v.8): «Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.» Her ser vi at den gamle pakta alltid var innkapsla i blod frå «oksar og bukkar,» noko som, ifylgje Hebr 10:4, «umogeleg [kan] ta bort synder.» Men dette var eit klart bilete på Kristus, og på den nye pakta. Den gamle pakta vart besegla med «blod av oksar og bukkar», der både Gud (ved alteret) og folket (ved skvettinga) hadde del i offeret.

I den nye pakta er offeret Kristus sjølv, og vi får del i blodet og lekamen gjennom Eukaristien. Men det stopper ikkje der. I 2Mos 24:9-11 står det:

Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel. Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

Sjølv om Gud tidlegare hadde sagt at Moses ikkje kunne skode Han, så fekk dei no — i dette måltidsofferet — gjere nettop det. Og dette er eit hovudtema i læra om Eukaristien. Slik vi ser den i Skrifta [og i Tradisjonen] er den ikkje noko som vilkårleg vart «oppfunne» av Kristus under det siste måltidet. Det hadde sjølvsagt ikkje gjort noko om Han faktisk gjorde det — Han er jo Gud! — men det er interessant at Han ikkje gjorde det, at Han tok tak i noko sentralt i jødisk tempelskikk, nemleg skodebrødtradisjonen.

I den jødiske doktorgradsavhandlinga «God Incorporated: Feasting on the Divine Presence in Ancient Judaism»[2] tar Andrea Lieber opp den jødiske skodebrødstradisjonen, og viser korleis dette måltidet utgjorde eit slags offer til Gud. Eit sentralt vers her, er 2Mos 25:30, der Gud seier at på «bordet skal du støtt leggja fram skodebrød for mitt åsyn.»

Dette kan ein kople til Eukaristi-liturgien, der presten løfter fram messeofferet for vårt — og for Guds — åsyn. Men det stoppar ikkje der. Mange språk –og bibelforskarar — og forfattaren av den jødiske doktorgradsavhandlinga — slår fast at det eigentleg ikkje er snakk om «skodebrød», men «nærværsbrød». I den engelske bibelomsetjinga English Standard Version (ESV) står det ikkje «skodebrød» i 2Mos 25:30, men nærværsbrød, «the bread of the Presence.» Altså kan vi omsetje verset slik:

På bordet skal du støtt leggja fram nærværsbrød for mitt åsyn.

Desse brøda — brøda for Guds nervær — vart heilaggjorte i det aller heilagste, for så å bli tatt ut og sett på «det reine bordet» (2Krøn 13:11). Brøda vart deretter — kvar sabbat — åte av prestane. I Matt 26:26-28 står det:

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.» Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.»

Ein finn likskapar til dette i brødofringane, 3Mos 24:8f. Dette tar Mary Douglas opp i den oppfor siterte artikkelen, og poengterer der at detfaktisk var brødofringane, og ikkje dyreofringane som var dei viktigaste ofringane. Vi finn mange referanser til dette, spesielt i 3. Mosebok og i Esekiels tempelvisjon. Der fortel han om det han såg i tempelhallen, Esek 41:21f.Douglas poengterer at det var brødofringa [av skodebrødet/nerværsbrødet] som var den «viktigaste» delen av oppretthaldinga av samfunnet med Gud. Både Gud og prestane tok del i dette, og gjennom dette «inkorporerte» prestane det guddommelege, sakrale, i sine eigne lekamar, 3Mos 6:7-11:

Dette er lova om grødeofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram til altaret. Presten skal ta ein neve av kveitemjølet og oljen i grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og brenna det på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren. Det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyrt på ein heilag stad. I føregarden til møteteltet skal dei eta det. Med surdeig må det ikkje bakast. Det er den delen eg har gjeve dei av eldoffera mine. Høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet. Alle menn som er ætta frå Aron, kan eta det. Gjennom alle tider og ætter skal det vera dykkar del av Herrens eldoffer. Kvar den som rører ved det, vert heilag.

Og nettopp dette ser vi i det nytestamentlege kommunionsofferet, Eukaristien. I kristendommen er alle prestar,** og vi et alle av brødet.

Noter:

* Ordet «Eukaristi» er eit låneord frå gresk, eucharistos, «takkseiing.» Det viser til det at eukaristien er eit takkoffer til Gud.

** Dette betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje er noko hierarki i Kyrkja, men at i den nye pakta har alle del i kommunionen med Gud.

Referansar:

  1. Douglas, Mary, «The Eucharist: Its continuity with the bread sacrifice of Leviticus.» Modern Theology (Blackwell Publishing), Volum 15:2, April 1999, s. 209
  2. Lieber, Andra B., «God Incorporated: Feasting on the Divine Presence in Ancient Judaism». Ph.D. Dissertation, Columbia University, 1998

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s