Å skilje tanke og handling

(Via INGEN BEKYMRING)

I «The Preacher’s Story» av The Real Live Preacher stod det eit avsnitt om å skilje tanke og handling:

Turns out Christianity is an Eastern religion. The earliest Christians were Hebrews. Semites. People of the East. They did not know how to separate mind from body. They were holistic before holistic was cool.

In our world we have separated mind from body to our great loss. Here a man may betray his wife and neglect his children, but say he loves them “down inside”.

Bullshit. There is no “down inside.” Love is something you do, not something you feel.

Og dette synst eg er viktig. Sett i ljos av det eg har skrive om her, om at vår ånd, vårt sinn, skal styre kroppen og kjenslene, så blir dette klarare. Når vi verkeleg elskar, når vi har kjærleik i hjarta, så er ikkje dette noko som er «djupt der nede,» til trass for at ein er utru mot kona, til trass for at ein slår borna, etc. Nei, kjærleiken — som er grunnfesta «djupt der nede,» og som vi har frå Gud som er kjærleik, den skal manifestere seg i handlingane. Mennesket er kalla til å vere heil og integrert. «Gjev akt på den som er heil i si ferd, og sjå på den som er ærleg! Det er framtid for fredsæl mann.» (Sal 37:37)

Når vi møter Gud i dommen, så slår Paulus fast at det er trua som gjeld. Men trua, som er åndeleg-intellektuell av karakter, er død utan gjerningar, slik Jakob slår fast i Jak 2:14-26. I kapitlet etter (og husk at inndelinga ikkje kom før på 1200-talet) snakkar Jakob om å kontrollere seg sjølv, beherske seg, som det heiter:

Alle snublar vi ofte. Den som ikkje snublar og feilar i det han seier, er fullkomen, i stand til å halda heile kroppen i taumar. Vi legg beksel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten. a, til og med store skip som blir drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil. (Jak 3:2-4, mi utheving)

Dette ser vi klart i det vi kan lese om i domstekstane. I Matt 25:31-46 slår Jesus fast at dei som behandlar «desse minste syskena [hans]» som Han sjølv, dei blir frelst. Vidare kan vi lese om dommen i Op 22:11f:

Og eg såg ei stor, kvit trone og han som sat på trona. Jorda og himmelen flykta bort frå hans andlet, og dei fanst ikkje meir. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor trona, og bøker vart opna. Og ei anna bok vart opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

Husk på dette neste gong du tenker at kjærleiken er ei kjensle, eller noko «djupt der nede.»

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s