Ten Herren! (21. søndagen i det almenne kyrkjeåret)

Tekstane for denne søndagen er Jos 24:1-2a.15-17.18b, Ef 5:21-32 og Joh 6:60-69. Eg har dessverre ikkje tid til å skrive så mykje denne helga, men vil berre — før eg siterer tekstane — konstantere at det er i Gud vi verkeleg er menneske, og at det er Han vi skal tene. George Macdonald sa at vi er slavar til alt det som står under oss, men som vi ikkje klarar å kvitte oss med. Som Tolkien «forklarar» i Ringdrotten (Ringenes Herre), så kan teknologi vere ein god tenar, men den kan fort bli ein grusom meister. Så; ten Herren!

Så samla Josva alle Israels-ættene i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, domarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds åsyn, og Josva tala til heile folket:… Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.

Då svara folket: «Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar. For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut or Egypt, or trælehuset. Han gjorde desse store teikna for augo våre. Og sidan vakta han oss på heile den lange ferda og verna oss mellom folket i alle dei landa vi laut fara igjennom… Vi òg vil tena Herren; for han er vår Gud.» (Jos 24:1-2a.15-17.18b)

Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus, de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv. For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin. Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting. Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord. På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke. Heilag og lytefri skulle ho vera. På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen kropp. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, nei, ein gjev kroppen næring og tek seg av han slik Kristus gjer med kyrkja. For vi er lemer på hans kropp. Difor skal mannen forlata far og mor og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja. (Ef 5:21-32)

Mange av disiplane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» Jesus visste med seg at disiplane hans murra på grunn av dette, og han sa til dei: «Blir de støytte av dette? Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av Far.»

Etter dette drog mange av disiplane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» (Joh 6:60-69)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s