Å reise bakover i tid

Over dei siste fire søndagane har eg sett trilogien «Back to the Future» på NRK (grunnen til at trilogien tok fire søndagar var at den på tredje søndagen var sport, ikkje film, på NRK). Dette, saman med å lese ein svært morosam — og paradoksal — historie om tidsreiser med Fantonald, har fått meg til å tenke litt. Dette er ikkje teologisk eller spesielt kristent, men snarare berre nokre tankar eg synst er litt interessante.

I den andre filmen i «Back to the Future»-trilogien reiser hovudpersonane Marty McFly (Michael J. Fox) og Dr. Emmett Brown/Doc (Christopher Lloyd) fram i tid. Der kjøper Marty ei bok med sportsresultat frå 1950-talet fram til år 2000, og planlegg å bli rik. Men hans «svorne fiende,» Biff Tannen, som då er gamal, klarar å stele boka, reiser tilbake i tid med bilen utan at Marty og co. oppdagar det, og gjev boka til seg sjølv som ung. Den unge Tannen blir då rik fordi han heile tida veddar rett, og så blir framtida endra.

And enter the paradox! Går dette an? Sjølvsagt ikkje, ein kan ikkje flytte seg i tid. Vel, ein kan reise to år fram i tid, problemet er at teknologien er så lite utvikla at reisa tar to år.😉 Men spørsmålet melder seg, om det går an å reise tilbake i tid, kan ein då endre på fortida, og då endre historias gong? Nei, sjølvsagt ikkje, og det er dette paradokset som gjer slike filmar/historiar så morosame.

For å forklare dette betre, så skal eg referere til ein morosam historie med Fantonald (ja, eg er litt barnsleg): Fantonald er på veg til pengebingen for å redde Skrue sine pengar frå B-gjengen, men på vegen køyrer han nesten på ein person som berre forsvinn, så må han stoppe fordi det ligg mykje rot i vegen etter eit ras frå ein lastebil, så verkar plutseleg ikkje flygeutstyret hans, osv. Han klarar ikkje å kjempe mot B-gjengen fordi han blir slått ut, og så reiser han til Petter Smart for å reise tilbake i tida og ordne opp.

Då viser det seg at,

  1. Det var han som nærast vart påkøyrt då han dukka opp der, for så å hoppe opp på taket og «forsvinne;»
  2. Det er han sjølv, fordi han fylgjer etter seg sjølv, som utløyser raset ved eit feiltak;
  3. Det er han sjølv som slår av flygeutstyret slik at han kan kjøpe seg til, og;
  4. Det er han sjølv som slår seg ut med eit feilskot.

Tenk deg fylgjande: Du reiser tilbake til 20. April 1908, til Hitler sin tjueårsdag. Fyrst tar du deg ein tur innom ein våpenbutikk og kjøper våpen, så reiser du bort og tar livet av han (ja, nasty, men det er ikkje poenget mitt her). Vil dette endra framtida? Sjølvsagt ikkje! For om du reiser tilbake og gjer dette, så blir dette gjort i fortida, og ergo så er det allereie gjort. Difor vil det vere umogeleg å endre på ting i fortida, fordi dette allereie vil vere endra på! Men det er like morosamt for det, spesielt om ein krydrar det med god engelsk humor som i denne filmen.

Referansar:

  1. «Fantonald: Kappløp med tiden,» Donald Ducks Tidsreiser. Oslo: Egmont, 2005, s. 220-252
This entry was posted in Ymse and tagged .

2 comments on “Å reise bakover i tid

  1. olakis says:

    He-he,spranget fra forrige post til denne var, tja – formidabel. Fortsett slik🙂
    Og så kom jeg på at jeg må få sett den filmen…

  2. Ja, skal prøve å ha litt ting som ikkje nødvendigvis er teologiske…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s