“Held de boda mine…”

Tekstane for 22. søndag i det almenne kyrkjeåret er 5 Mos 4:1-2.6-8, Jak 1:17-18.21b-22.27 og Mark 7:1-8a.14-15.21-23. Lat meg sitere teksten frå GT, samt evengelieteksten:

5 Mos 4:1-2.6-8:

Så høyr no, Israel, dei føresegner og bod som eg lærer dykk! Hald dykk etter dei, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige. De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk… Så legg då vinn på å leva etter dei! For då får de ord for visdom og klokskap hjå andre folkeslag. Når dei høyrer alle desse føresegnene, kjem dei til å seia: «Kor vist og vitug det er, dette store folket!» Kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har ein gud som er folket sitt så nær som Herren vår Gud er oss kvar gong vi kallar på han? Og kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har så rettvise føresegner og bod som heile den lova eg legg fram for dykk i dag?

Mark 7:1-8a.14-15.21-23:


Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus. Då la dei merke til at nokre av disiplane hans åt med ureine hender, det vil seia utan å skylja dei. — For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle. Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn. — Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje disiplane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?» Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive: Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet deira er langt borte frå meg. Fåfengt dyrkar dei meg, for det dei lærer, er menneskebod. De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.» (…)

Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå! Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint. Den som har øyre å høyra med, høyr!»… For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»

Vondskapen kjem altså innifrå. Kva meiner ein med det? Vel, i kristen teologi seier ein at vondskap ikkje er noko eiga kraft, slik Manikearane meinte, men at vondskapen djupast sett er fråværet av godleik, lik kulde og mørke (begge to kjente bilete på vondskap) er fråværet av varme og lys (les meir om dette i denne posten).

Det vi lærer her, er at 1) vondskap er personleg (men det kan sjølvsagt påverke andre), og at ein difor står personleg ansvarleg for den. Kva kan ein gjere med det? Svaret frå Moses var dette: “Hald dykk etter dei [føresegner og bod som eg lærer dykk], så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige.” (5Mos 4:1) Eg ser på landet som eit bilete på himmelen, og på lova som eit bilete på Kristus. Paulus skriv at “Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig for Gud.” (Rom 10:4)

Eg trur at lova i den gamle pakt peiker fram mot Kristus, “endepunktet for lova,” som openberrar for oss kva Lova eigentleg er, og at den er nedfelt i vår natur. Det er denne “naturlova” C.S. Lewis skriv om i The Abolition of Man, og som han påpeiker er essensielt viktig for vår overleving. I dette foredraget, som samanliknar Walker Percy si bok Lost in the Cosmos og Lewis si The Abolition of Man, forklarar Dr. Peter Kreeft at det er denne lova, som er nedfelt i oss, og som gjer at vi faktisk seier at noko er godt og at noko er vondt, er det som gjer oss menneskelege. “Remove the cause, and you remove the effect,” skriv han. “Abolish the law and you abolish man.” Eller som Tony Campolo seier det:

Sin is not just something you did in the backseat of a Honda on a date in high school. Sin is whatever diminishes your humanness and/or diminishes the humanity of someone else. It’s worse than just breaking some rules that were laid down before the foundation of the world. It’s more dangerous than offending some trancendental Shylock who demands his pound of flesh from anyone who ticks him off. Sin is that which cuts into the heart of your being, tarnishes your dignity, dulls your capacity for ecstasy, and desensitizes you to any signals of love that others may send your way.

One comment on ““Held de boda mine…”

  1. […] Eg trur at mennesket djupast sett er godt, at menneskenaturen er “overlag god” (1Mos 1:31). Men her ligg også litt av poenget. I søndagsteksten 3. september 2006 poengterte eg at vondskap er tomleik, at det er noko godt som er korrumpert. Men det betyr ikkje at mennesket er “fødd snilt.” Sjølv om mennesket er ontologisk godt, så betyr ikkje det at mennesket nødvendigvis er moralsk godt. Dette kjem klart fram i våre liv, i det som skjer ute i verda, etc. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s