Makt, vondskap og arvesynd

Som ein slags “oppfylgjarpost” til denne frå Morten Magelssen på Morbus Norvegicus, vil eg ta for meg nokre tankar om vondskap og arvesynd, spesielt knytt opp til makt. Dette for å utdjupe litt av det Magelssen skriv, og for å vinkle det frå ein [skap]katolsk posisjon.

Fyrst, kva er arvesynd? Arvesynd* handlar ikkje om at vi på ein eller annan måte “arvar” Adam si skuld, men at vi — gjennom han (gjennom å vere menneske) — får del i døden. Magelssen tar utgangspunkt i eit intervju med Nils Christie i Vårt Land, der han seier;

«Min tro» er den at folk er født snille. Du kan se det på spedbarn hvordan de appellerer, er appellerende, lykkelige når de ser den de har festet seg til, at de er varme og gode.

Han forklarar vidare kva han meiner om arvesyndslæra:

Det står meg meget fjernt, og også den stadig mer vanlige tanke om monstre. Jeg ser mange skrekkelige handlinger — jeg har levd et helt liv i dette faget — og jeg har aldri møtt et monster. Det er en for lettvint plassering av det vi blir fortvilet over. (…)

[Jeg har møtt mennesker] som ikke har forstått den situasjonen de har vært i, som ikke har forstått sine medmennesker, og som ikke er blitt brakt i en samtale eller dialog der det har vært mulig for dem å komme til en større forståelse. Det helt evige inntrykket for meg var det helt første arbeidet jeg gjorde, som var et studium av fangevoktere i konsentrasjonsleire.

Altså, det han seier er 1) at folk er fødd snille, 2) at arvesyndslæra ikkje seier at folk er fødd snille, og 3) (meir indirekte) at essensen i arvesyndslæra er at folk er fødd som “monster.” Eg meiner at han tar feil på 1 og 3. Mennesket er eit “moralsk vesen” med fri vilje. Det betyr at godleik og vondskap er noko som må velgjast. Vi er ikkje “fødd snille.” Ordboka seier at ein snill person er “skikkeleg i åtferd,” “god å omgåast med,” “lydig,” “god,” og “kjærleg.”

Det handlar altså ikkje berre om korleis ein “appellerar” til andre ved å sjå “søt og snill” ut. Nei, det handlar om åtferd, om det ein gjer. Og dette er ikkje alltid lett. Eg trur J.K. Rowling seier det best: “Dark and difficult times lie ahead. Soon we must choose between what is right and what is easy.” (Dumbledore, Harry Potter and the Goblet of Fire, film-versjonen)

Eg trur at mennesket djupast sett er godt, at menneskenaturen er “overlag god” (1Mos 1:31). Men her ligg også litt av poenget. I søndagsteksten 3. september 2006 poengterte eg at vondskap er tomleik, at det er noko godt som er korrumpert. Men det betyr ikkje at mennesket er “fødd snilt.” Sjølv om mennesket er ontologisk godt, så betyr ikkje det at mennesket nødvendigvis er moralsk godt. Dette kjem klart fram i våre liv, i det som skjer ute i verda, etc.

Men kva har så dette med makt å gjere?

Her må eg nok vere delvis ueinig med Magelssen (eller kanskje ikkje), fordi eg trur at makt kan ha ein korrumprande effekt på eit menneske. Mine “autoritetar” på området er C.S. Lewis og J.R.R. Tolkien. Lewis forklara at det var syndedallet som gjorde at han var tilhengjar av demokrati (kjelde), og Tolkien, forklara sitt syn på absolutt makt i Ringdrotten (Ringenes Herre). Ringen kan representere absolutt makt, som har ein tendens til å korrumpere folk, og at den må øydeleggjast. Men det betyr nok ikkje at makt i seg sjølv er dårleg. Eg trur ikkje at den korrumperer i seg sjølv, men at mennesket — som ikkje er “fødd snilt” — lar seg korrumpere, og vel det sjølv. Så er eg kanskje ikkje ueinig med Magelssen likevel. Vel, som Lord Acton sa det i eit brev til biskop Mandell Creighton i 1887 (kjelde):

Power tends to corrupt, and absolute power corrupts absolutely.

Noter:

* I katolsk lære snakkar ein om den “opphavlege synda,” og det engelske ordet for “arvesynd,” original sin, betyr nettopp dette. Les meir i katekismen (den katolske).

One comment on “Makt, vondskap og arvesynd

  1. Hei Kjetil, vi er nok nokså enige (som så ofte før). Teksten min er med vilje overdrevet, så det kunne synes som jeg var uenig med deg og Lewis (ditt siste avsnitt). Men jeg deler helt det synet du legger fram.

    Jeg jobber forresten med en lengre sak om moralsk objektivisme / absolutisme kontra relativisme, for å “målbinde” min venn Øyvind. Når den teksten er ferdig, håper jeg du blir med å diskutere.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s