Tru og gjerningar

Tekstane for 23. søndag i det almenne kyrkjeåret er Jes 35:4-7a, Jak 2:1-5 og Mark 7:31-37. Lat meg sitere dei aktuelle skriftstadane, og gje ein kort kommentar.

Jes 35:4-7a:

Sei til dei urolege hjarto: Ver frimodige, ver ikkje redde! Sjå, der er dykkar Gud! Han kjem med straff. Gud vil gjera attergjeld. Sjølv kjem han og frelser dykk. Då skal blinde augo opnast og dauve øyro latast opp. Då skal den lame springa som ein hjort og tunga åt den mållause jubla. For kjelder bryt fram i øydemarka og bekker på dei turre vidder. Den gloande sand vert til sevkransa sjø, det tyrste land til vassrike kjelder.

Jak 2,1-5:

Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk. Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar — den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der», eller: «Set deg her ved føtene mine!» Har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? Har de ikkje vorte dommarar med vonde tankar? Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han?

Mark 7:31-37:

Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»

Kva var det som kjenneteikna Kristi ferd på jord? Enkelte “tørre teologar” ser ut til å meine at Han også var ein “tørr teolog,” og at det er Hans lære som er viktig. Andre meiner at gjerningane var det viktige, at vi må fokusere på det han gjorde. Eg er sjølv svært teologisk anlagt, eg liker teologi, filosofi og slikt, men må innrømme at eg nok held meg nærast dei sistnemnde. Men merk, eg er nærare dei, eg er ikkje einig med dei.

Då døyparen Johannes var i fengsel, byrja han å tvile på om Kristus var/er Messias, og fekk læresveinane sine til å gå til Kristus med dette spørsmålet: “Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?” (Luk 7:19f) Kristus svara; “Gå og fortel Johannes kva de har sett og høyrt: Blinde ser, lamme går, pedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige. Og sæl er den som ikkje vender seg bort frå meg.” (Luk 7:22f)

Det kan verke som om det er dei som legg vekt på gjerningane som har rett. Men er det verkeleg slik? Nei, og det trur eg er poenget i dagens lesetekstar. Jesaja skriv om gjerningar, det same gjer Jakob, men det blir også lagt vekt på sinnelaget vårt. Og kva sinnelag skal vi ha? Paulus tar opp dette i Fil 2:5: “Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!” I Erik Gunnes si omsetjing av 1968 står det (omsett til nynorsk): “La Kristi Jesu sinnelag prege dykkar ferd…” Bibelen forkynner at vi skal ha integritet (1Mos 17:1, Sal 37:37, Sal 119:1, etc.), men det skal vere eit visst hierarki i denne integriteten. Paulus forkynner at vi er frelst av nåde, ved tru, men kva er trua?

Eg trur at trua er av åndeleg art, den er intellektuell (dei gamle grekarane såg på intellektet som det vi kjenner det høgste ved). Poenget er at vår ånd skal styre kroppen, og dermed gjerningane, i tru på Gud. Som Paulus seier det i Rom 6:8 (fritt etter KJV): “For å ha eit kjøtleg sinnelag er død; men å ha eit åndeleg sinnelag er liv og fred.”

Så eg ligg nok ca. midt i mellom dei tørre teologane og dei som fokuserer på gjerningar.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s