“Det var en gang et menneske”

I går såg eg på nokre episodar av den klassiske serien “Det var en gang et menneske” som gjekk på NRK for ein del år tilbake. Serien er interessant nok den, men eg merka at den — som er laga i 1978 — var svært venstrevridd, og hadde eit visst (kanskje ubevisst) “hat” mot europeisk idéhistorie, spesielt det katolske. Eg kan nemne to dømer:

I delen om Elisabeths England, så vart det nemnt at søstra hennar, “Bloody Mary,” var ein blodtørstig katolikk, medan Elisabeth — som var protestant — vart beskrive som mild og tolerant. Det stemmer at Mary ikkje akkurat var ein “god kristen,” men søstra var ikkje så “mild og tolerant” ho heller.

I delen om Spania si storleikstid nemnte ein Cortez, og sa at han reiste rundt og la mellom -og sør-Amerika under Spania, medan indianarane vart framstilla som ein “stor og lukkeleg familie.” Ingenting vart nemnt om rituelle drap til solguden.

Vel, serien er interessant nok, men ikkje behandle den som ei “historiebok.” For det er den ikkje.

This entry was posted in Ymse and tagged .

2 comments on ““Det var en gang et menneske”

  1. Erik says:

    Ikkje utenkjeleg at den skal behandlast nettopp som ei historiebok, og som alt anna bør behandlast, med eit kritisk blikk:)

  2. Ikkje ver så “pirkete.”😉

    Men eg vil leggje til at serien er morosam til tider…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s