Autoritet og sakrament

I ein diskusjon på nettet* (side 3) kom denne påstanden: “The NT never describes the Eucharist as a sacrament.” Dette fekk han svar på, og i svaret kom det eit spørsmål som eg meiner er viktig: “As with so many issues we return to the issue of authority – where do Tradition and Reason fit into the picture?”

Dette svara eg sjølv på, og denne bloggposten, som eigentleg er ein kortform av denne, vil eg poste her, omsett til norsk:

____________
Bullseye!

I 1Tim 3:15 peiker Paulus faktisk på kyrkja for autoritet, og kaller den for “søyle og grunnvoll for sanninga.” Dette trur eg vi kan knytte opp til Kristi ord i Matt 16:18f (jmf Matt 18:18): “Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.”

I the Jewish Encyclopedia, som vart publisert tidleg i det 20. hundreåret, og som er tilgjengeleg på nettet, er det ein artikkel om binding og løysing. La meg sitere frå den:

The power of binding and loosing was always claimed by the Pharisees. Under Queen Alexandra, the Pharisees, says Josephus (“B J.” i, 5, § 2), “became the administrators of all public affairs so as to be empowered to banish and readmit whom they pleased, as well as to loose and to bind.” (…)

In this sense Jesus, when appointing his disciples to be his successors, used the familiar formula (Matt. xvi. 19, xviii. 18).

Dette var kanskje på sida av saka, men eg ser på kva syn ein har på autoritet som esssensielt for korleis ein ser på Sakramenta, og alt anna i Tradisjonen, inkludert den bibelske kanon.

____________

Så, nokre innspel?
Noter

* Eit problem med dette diskusjonsforumet er at alle diskusjonar som er eldre enn 30-40 dagar blir sletta (enkelte blir likevel lagt inn i eit arkiv etter kvart).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s