Syndebukken

Tekstane for 25. søndag i det almenne kyrkjeåret er Visd 2:12.17-20, Jak 3:16-4,3 og Mark 9:30-37. Temaet for dagen tolker eg som at Kristus er syndebukken. Men før eg kommenterer, vil eg sitere teksten frå GT og evangelieteksten:

Visd 2:12.17-20:

La oss legge en felle for den rettferdige, for han hindrer oss, han motsetter seg det vi gjør og klandrer våre lovbrudd; han anklager oss når vi handler mot det vi har lært… Men la oss se om det er dekning for hans ord og finne ut hvordan det går ham til slutt.For dersom den rettferdige er Guds barn, vil Gud ta seg av ham og fri ham fra fienders vold. La oss sette ham på prøve, la oss plage og krenke ham, så får vi se hvor from han er, så kan vi prøve hans tålmodighet. La oss dømme ham til en død i vanære, så får vi se om Gud vokter ham, slik han selv sier.

Mark 9:30-37:

Dei drog ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det, for han heldt på å undervisa disiplane sine. Han sa til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; dei skal slå han i hel. Tre dagar etter skal han stå opp att.» Men dei skjøna ikkje kva han sa, og dei våga ikkje å spørja han.

Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?» Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største. Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.» Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei: «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»

Eg trur at eit hovudpoeng i lidingssoga er at Kristus tala sanning, og at dette ikkje vart tolt av dei rundt Han. Dette vart tatt opp av den kjente franske litteratur- og religionsforskaren René Girard som meinte at samfunnet er tufta på vold, og at eit drap berre kan betalast med eit nytt drap, og at ein — for å demme opp mot dette — “må” finne seg ein “syndebukk.” “Pontius Pilatus har en intuitiv forståelse for [syndebukksmekanismen],” skriv Torkel Brekke, “han leser hele situasjonen med den rasjonelle politikerens øyne, som oldtidens Henry Kissinger. Han vet at moralske prinsipper kommer til kort overfor de hevngjerrige og blodtørstige folkemengdene som roper at de heller vil ta livet av profeten Jesus enn den gale morderen Barrabass. Den romerske guvernør vet at mennesker trenger brød og sirkus — og sirkus i virkelig forstand betyr blod og innvoller, ikke hester med rosa fjær på hodet.”

Poenget er at Kristus tala sanninga, og utfordra det religiøse og geistelege hierarkiet.* Han gjekk mot enkelte “uskrevne normer,” og viste klart og tydleg kva som er lova sin ånd. Med det vl eg la Torkel Brekke avslutte dette innlegget:

Det kristne budskap om drapet på den uskyldige Jesus løfter dermed sløret fra øynene våre, det får oss til å oppdage de voldelige impulsene som styrer oss. Samtidig får vi makten til å forandre disse impulsene, til å forandre oss selv, vende oss fra kollektiv vold til nestekjærlighet.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter:

* Dette betyr sjølvsagt ikkje at hierarki i og for seg er dårleg, men at det alltid skal vera tufta på sanning.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s