Gå “einøygd inn i Guds rike”

Tekstane for 26. søndag i almenne kyrkjeåret er 4Mos 11:25-29, Jak 5:1-6 og Mark 9:38-48. Lat meg sitere GT-teksten og evangelieteksten:

4Mos 11:25-29:

Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan. To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren. Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!» Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!» Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!»

Mark 9:38-48:

Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.» Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For ingen som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan like etter tala vondt om meg Den som ikkje er imot oss, er med oss. Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til — sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn. Den som lokkar ein av desse små som trur på meg, til fall, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.

Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går inn til livet med berre ei hand, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete, der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete, der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

Ein kan dra mange forskjellige tema ut frå desse skriftstadene, men i dag vil eg stort sett konsentrere meg om den siste halvdelen av evangelieteksten. Kva er kjerna i dette avsnittet? Mange fundamentalistar — både kristne og ikkje-kristne — les denne teksten heilt bokstavleg, dei meiner at ein anten skal kutte av kroppsdelar eller at Kristus er ein fanatikar som “krev dette.” Men eg trur at dette er sagt i eit biletleg, hyperbolisk språk som er svært vanleg for jødisk/hebraisk tenking.

Kva kan så desse kroppsdelane representera? Eg trur at dei representerar synder og vonde gjerningar, og poenget er at vi før vi kjem til himmelen må fjerne dette. George McDonald sa; “There is no hell with a little heaven in it, any more than there is a heaven with a little hell in it.”

Men korleis kan vi gjere dette, korleis kan vi gå “einøygd inn i Guds rike”?* Kan vi gjere dette sjølv? Vel, både ja og nei. Kristus seier at vi skal gjere dette sjølv, og han formanar ofte om å halde buda hans. “Den som har boda mine, og som held dei,” seier Han, “den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.” (Joh 14:21) Men dette er umogeleg utan Gud:

“Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk,” skriv Paulus. “Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt. For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” (Fil 2:12f)

Vi er kalla til å ha gode gjerningar, slik Jakob forklarar det i andre kapitket av brevet sitt. Men dette er alltid knytta til trua. Det er ikkje tru eller gjerningar, slik enkelte kristne ser ut til å tru, men tru og gjerningar, der trua — som er åndeleg av karakter — produserar gode gjerningar fordi vår ånd skal styre kroppen. Men dette er gjennom Gud, i fellesskap med Gud. Vi kan ikkje stole fullt og heilt på bår eiga ånd og vår eigen intuisjon før vi forstår at; “Age for Herren er opphav til kunnskap,” og at “dårar vanvørder visdom og tukt.” (Ord 1:7)

Vi kjem ikkje inn i himmelen med “litt av helvete.” Vi må fjerne alt det vonde, vi må bli lik Kristus, vi må gå “einøygd inn i Guds rike.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

* For å dra ei “heidensk referanse” til den einøygde Odin, så kan vi seie at å gå “einøygd inn i Guds rike” er å vere vis, å ha fått del i Guds evige visdom, Kristus Jesus (1Kor 1:24).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s