Dei heilage verneenglane

I dag er det minnedagen for dei heilage verneenglane. Ein fin anledning til å sitere denne artikkelen av Olav Müller, og poste eit ikon.

Selv om vår forstand aldri kan bevise at det finnes engler, har den gode grunner til å anta sannsynligheten av deres eksistens. Tenk på værensstigen: De stadig oppadstigende nivåer i alt som er til.

Nederst den anorganiske natur – materien, stoffet. Et trinn høyere det vegetative liv til plantene. De har det til felles med materien at de er sammensatt av molekyler og atomer, dessuten har plantene evne til å ta til seg næring, vokse, formere seg – leve. Et trinn høyere det sensitive liv hos dyrene. De har samme egenskaper som plantene, kan dessuten bevege seg, ta opp sanseinntrykk, «fotografere» omgivelsene i sine hjerneceller. Over dyrene står menneskene. De har alt det dyrene har, sitter dessuten inne med en åndelig sjel, som gjør det mulig for dem å tenke abstrakt og handle fritt (ikke instinktbundet). Neste trinn på værensstigen kunne være Gud, men er det ikke. Det er plass til et trinn til mellom mennesker og Gud – engler. De sitter inne med alle menneskets egenskaper. De er personer som vi, men er ikke «belemret» med en kropp. Kroppen er god, fordi den er skapt av Gud, allikevel betyr den en viss hindring i vår åndelige utfoldelse, fordi den binder oss til tid og rom. De legemsløse – helt åndelige – englene opplever ikke denne begrensingen og står derfor høyere på værensstigen enn vi mennesker. Det siste trinnet er Gud.

Så eit ikon av erkeengelen Michael:

2 comments on “Dei heilage verneenglane

  1. Vel dette Engle-synet virker noko budistisk for meg. Veit ikkje kva katolikkane lærer, men det eg har lest ut av skrifta er følgjande.

    1.Mennesket er krona på skaperverket, satt over alt til å forvalta det, Jmf 1Mosebok (inkludert englane som og er ein del av skapnaden).

    2. Ein del av englane har og falt og er under forbannelsen på linje med menneska som ikkje har moteke heilaganden. Desse er fremdeles englar, men dei er på veg til døden – ildsjøen. Er desse meir eksisterande en eit frelst menneske.

    3. Ein andeleg tilstand utan legeme kan ikkje seiast å være ein høgare form for eksistens, me finn ikkje dekning for dette i skrifta.
    Og logisk nok er ikkje det andelege noko meir overnaturleg for Gud en det fysiske, og heller ikkje noko flottare. Då hadde han ikkje skapt den fysiske verden. Også i det nye livet vil gud reise opp lekamen. Skaparverket er Guds verk noko han er stolt av, noko han set pris på. Andeleg eksistens er ikkje noko større for Gud enn fysisk. Heile skillet mellom andeleg og fysisk er på ein måte ubibelsk og vanskeleg å definera klårt ut i frå skrifta og er vel heller ein filosofisk indeling. Soleis kan ein sei at mennesket er utrusta med eit legeme og ikkje belasta med det. Kroppen vår og vår fysiske tilstand gjev oss store moglegheitar for andeleg utfoldelse som Englane ikkje har del i.

    4. For meg verkar det som at eksistensnivået må beskrivast ut ifrå ein heilt annan akse. Ein akse som går i mellom døden og livet. Kristus er sjølve livet, livet i ham er den høgste form for eksistens. Døden er i syndas opphav i det onde.
    Vår stand er høgare eller lågare en englane alt etter om det er eit frelst menneske det er snakk om eller ein fallen engel osv. Kor nerme er me livet – kristus. Det som går tydeleg fram av NT er at Englane er satt under dei frelste menneska.

    1 Kor 6:2
    Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker? 3 Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera.

    Bekreftande til dette kan me lesa Hebrearane 2

    5 Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om. 6 Om dette er det ein som har vitna ein stad: Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug, ein menneskeson, sidan du tek deg av han? 7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane. Så krona du han med herlegdom og ære. 8 Alt la du under hans føter. Når det står: “Alt la du under han”, då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han. 9 Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle. 10 For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom.

    Jesus var lågare en Englane då han smaka døden og bar våre synder. Dette bekrefter at aksen død–liv er ein mykje meir hensiktsmessig skala å bruke viss vi skal snakke om veseners plass i universet.
    I kristus har me blitt herlegjort opphøgd og skal få del i Guds løfter.

  2. Slik eg forstår Müller her, så er det andelege større enn materien, men utan at materien er dårleg i seg sjølv. Buddhismen (og gnostisismen) ser på materien som vondt — og som ein illusjon — men det trur eg ikkje Müller gjer.

    Vi finn også hjå Paulus at materien “står under” det andelege, i og med hans bruk av “kjøtet.” Eg trur at han bruker dette på same måte som Sokrates og Platon (utan at han er dualist), at det er eit visst hierarki i mennesket. Men han er ikkje dualist.

    Eg trur at grunnen til at vi er over englane er at vi har del i frelsa, og dermed “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4), at vi blir lik Kristus. Dette har ikkje englane del i. Men englane har no, i nådetida, ein fordel (og ein bakdel) i og med at dei ikkje er bunde til tid og rom.

    Dette er ein fordel fordi ein har fullt ut kunnskap om sanninga, ein bakdel fordi ein då ikkje kan seie at ein ikkje visste om det. Difor meiner Aquinas at englane anten fulgte Gud eller ikkje med ein gong dei vart skapt. Det kan du lese om i Summa Theologica 1:63:6

    Du skriv:

    “Jesus var lågare en Englane då han smaka døden og bar våre synder. Dette bekrefter at aksen død–liv er ein mykje meir hensiktsmessig skala å bruke viss vi skal snakke om veseners plass i universet.
    I kristus har me blitt herlegjort opphøgd og skal få del i Guds løfter.”

    Og det trur eg er poenget til Müller også. Han skriv om menneske, han nevner ikkje frelste menneske.

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s