Eining og ekteskap

Tekstane for 27. søndag i almenne kyrkjeåret er 1Mos 2:18-24, Hebr 2:9-11 og Mark 10:2-16. Lat meg sitere siste verset i GT-teksten og epistelteksten:

1Mos 2:24:

“Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.”

Hebr 2:9-11:

“Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle. For Gud, som er opphav og endemål for alt, han ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar. Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den éine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken.”

Kva kan vi dra ut av dette? 1) I ekteskapet skal ein vere like trufast mot kvarandre som Gud er mot oss,og 2) at vårt forhold til Kristus er som i eit ekteskap. La oss difor sjå litt på kva ekteskapet er for noko.

I katolsk teologi er ekteskapet eit sakrament. Eit sakrament ei heilag, rituell handling, nådemiddel som etter den kristne læra er innsett av Kristus (eller av Gud). Ekteskapet vart, gjennom skapinga, innstifta av Gud, og er dermed noko heilagt og ukrenkeleg, noko som vi ikkje skal bryte. Slik er det også med frelsa.

I Joh 8:31-32.36, som er ein del av lesetekstane for Den norske kyrkja denne søndagen, slår Kristus fast kva vi får del i gjennom Han:

“Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine disiplar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie… Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.”

Både ekteskskapet og frelsa er tufta på fridom. Men kva er fridom? Dette sa Edmund Burke mykje om. I tidsskriftet Religion & Liberty vol 7:1 (Jan./Feb. 1997) står det:

Because of his defense of tradition, Burke is sometimes thought of as a reactionary. Yet he loved liberty and favored many classical liberal positions in politics, religion, and economics. Burke never separated religion and liberty; he maintained that liberty is only possible because it is part of the eternal and transcendent moral order. His great concern was that freedom should never be confused with license; that true liberty must always be understood as ordered liberty.

Poenget er at dersom ein misbruker fridomen sin, går ut av fellesskapet med Gud, så vil ein misse den fridomen ein får vi Gud.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s