Etikk og moral: refleksjon og prerefleksjon

Eg vil anbefale å lese dette intervjuet med Vårt Land, der filosofen Hans Herlof Grelland set ein distinksjon mellom refleksive og prerefleksive verdiar. Dei refleksive verdiane handlar om fornuft og logikk, altså om refleksjon, medan dei prerefleksive verdiane meir handlar om samvitet, og om dei haldningane vi har, og som vi har fått.

Eg trur at dette er svært viktig å ha fokus på. Vårt Land fortel at Grelland argumenterer for at kjenslene er “uttrykk for verdier som er prerefleksive.” Desse verdiane er bevisste, men dei er “så grunnleggende i selvforståelsen at den eneste måten vi kan kommunisere med dem på er gjennom følelsene.” Grelland fortel at,

Følelsene har en egen arkitektur, og er utrolig viktige for etikken vår. De er den eneste kontakten vi har med våre indre verdier. Mister vi kontakt med følelsene, mister vi også kontakt med verdiene våre. Det kritiske her er at følelsene er det eneste kontaktpunktet vi har til de indre verdiene, mener Grelland.

Dette er interessant, og distinksjonen er viktig, men eg trur Grelland set litt for stor lit til kjenslene, då enkelte kjensler kan vere meir grunnfesta i instinkt enn i ånd, i “magen” i staden for i “hovudet,” for å bruke C.S. Lewis sin terminologi frå “Men Without Chests,” det andre kapitlet i The Abolition of Man. Her påpeiker Lewis at det er svært viktig med ein god “prerasjonell” utdanning (Lewis: 1946: 15-16):

Aristotle says that the aim of education is to make the pupil like and dislike what he ought. [Eth. Nic. 1104 b.] When the age for reflective thought comes, the pupil who has been thus trained in ‘ordinate affections’ or ‘just sentiments’ will easily find the first principles in Ethics; but to the corrupt man they will never be visible at all and he can make no progress in that science. [Ibid. 1095 b.]

For å forklare dette betre, så kan vi kanskje seie at dei prerefleksive verdiane dannar grunnlaget for moralen vår. Her vil eg kort nemne at eg her set ein distinksjon mellom etikk og moral, der etikken er refleksjon, medan moralen er haldningar og karakter (og dermed også handling).

Eg trur at dei prerefleksive verdiane er ting som vi har frå vi var små, og som til dels har bakgrunn i vår natur. Born lærer gjennom å “kopiere” dei rundt seg, difor er det viktig å setje fokus på dette i oppsedinga. “Fri oppseding” kan kanskje verke fri, men eg meiner det er ein farleg leik med borna.

Som Aristoteles og Platon forklarar, så er det slik at fornuft og logikk utviklar seg, og borna har ikkje fullt ut del i den frå byrjinga av. Det er der, men ikkje fullt utvikla. Etisk refleksjon er svært viktig, men må aldri bli det viktigaste, aldri bli nr. 1. Vi må fyrst og fremst ta tak i “mannen i speglet,” som Michael Jackson seier det. Vi må setje fokus på våre etiske haldningar, vår karakter, vår moral. Vi er ikkje hovudsakleg kalla til å logisk reflektere over Kristi lære, sjølv om dette også er viktig. Nei, vi er hovudsakleg kalla til å ha “det same sinnelaget” som Kristus (Fil 2:5). Og dette vil også skape frukt.

Kjelder:

1. Henrik Salthe, “Følelsene viser våre verdier.” Vårt Land Nettutgaven, 23. august 2006. (18. september 2006)

2. Lewis, C.S., The Abolition of Man. London: Geoffrey Bles, The Centenary Press, 1946 (Denne er tilgjengeleg på nettet)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s