“Guds lam, som ber verdsens synd”

Tekstane for 29. søndag i almenne kyrkjeåret er Jes 53:10-11, Hebr 4:14-16 og Mark 10:35-45 (kortare: Mark 10:42-45). Les alle tekstane. Eg skal her berre sitere fyrste lesetekst, Jes 53:10f:

Det var Herrens vilje å knusa han med sjukdom. Men fordi han gav sitt liv til soning, skal han få etterkomarar og leva lenge, og ved han skal Herrens vilje ha framgang. Etter all si møde og sjelenaud skal han sjå ljos og mettast. Og når dei kjenner han, skal han, min rettferdige tenar, gjera dei mange rettferdige; for han har bore deira synder.

Kva vil det seie at det “var Herrens vilje å knusa han med sjukdom“? Betyr det at Gud på ein eller annan måte liker dette? Nei, sjølvsagt ikkje! Frelsa består fundamentalt i dette, at Den andre personen i Guddomen, Logos, steig ned og levde som oss, slik at vi — av nåde — kunne stige opp, og leve som Han. “De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde,” skriv Paulus, “at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.” (2Kor8:9)

Men kvifor måtte Han bere syndene våre, kvifor måtte Kristus vere “Guds lam, som ber verdsens synd”? Det er mange forskjellige svar på dette, og eit av dei er at rettferden krevde det. Syndas løn er død, uansett korleis ein snur og vender på det. Difor måtte Gud stige ned å bere syndene — dvs. konsekvensene av synda, Han synda ikkje sjølv — slik at Han gjennom døden og oppstoda kunne knuse dødens makt.

Vidare er det viktig å forklare dette ved å sjå på kva som er vårt mål, kva vi faktisk blir frelste til. Paulus forklarar som sagt at vi — gjennom Kristi “fattigdom,” dvs. Hans manndom — skal få del i Kristi “rikdom,” dvs. det guddomlege. Peter forklarar det endå klarare, og seier at vi gjennom Kristus skal få “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4).

Frelsa handlar altså om at vi får del i Guds liv, ved at Gud stig ned og tar del i vårt liv. Gud kunne kanskje gjort det på ein annan måte, men når eg tenker på det, så klarar eg ikkje å finne på noko “betre” sjølv. Når Kristus ropte “det er fullført!,” så trur eg Han meinte at livet som sant menneske — i lydnad til Faderen — var fullført, og at Han no skulle dø som sant menneske, stå opp att som sant menneske, og så fara opp til himmelen som sant menneske. Og gjennom dette omskape oss i Guds bilete. Takk og lov for det!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s