“Sola Scriptura”?

Via En katolsk weblog (Oddvar Moi).

For ei tid tilbake var det i avisa Dagen ein interessant leiarartikkel om “Skrifta åleine.” Artikkelen påstår at dette “har vore og er fundamentalt for alle protestantiske kyrkjesamfunn og for all reformatorisk teologi, og det skil protestantismen frå alle katolske kyrkjer og all katolsk orientert teologi.” Og vidare at det er “viktig å halda [dette prinsippet] opp i evangelisk lære og forkynning.” Vel, sjølv om artikkelen er velformulert og svært reflektert, så må eg seie meg ueinig. Korleis gav Gud oss Skrifta? Gav han oss den ikkje gjennom Kyrkja? Jo, og i fylgje Paulus er den “søyle og grunnvoll for sanninga” (1Tim 3:15).

Den lutherske lære om “Skrifta åleine” ligg i praksis svært nær det katolske på mange område, men sjølv om ein i praksis hadde trudd det same, så er denne utanombibelske filosofien svært inkonsekvent, utan tanke på at dei som Gud valte å bruke til å skrive og setje saman Bibelen, også snakka om andre ting, sjølv om ikkje alt er direkte funne i Bibelen.

Eg kallar dette for ein “utanombibelsk filosofi” for å nytte meg av noko som stod i den aktuelle leiarartikkelen: “Problemet i Dnk kyrkje er ikkje at ein «berre» har Bibelen, men at ein ikkje held seg til Bibelen åleine, men hentar impulsar og tankar frå samtida og filosofien.”

Vel, “Skrifta åleine” er ikkje definert i Bibelen (noko om uansett ville vore ein sirkelslutning), og difor henta denne læra i si tid “impulsar og tankar frå samtida og filosofien.” Er det ikkje ironisk at for å få sin teologi til å stemme med Bibelen, så måtte Luther — med hjelp frå eit jødisk konsil* — fjerne dei bøkene som gjekk han imot. Han klara nesten å fjerne sju bøker i NT også, men dette vart stogga.

Men som sagt, det er ikkje Bibelen som er Guds Ord, det er Kristus — og Han starta opp Kyrkja.

Noter:

* Det er sagt at det var eit rabbinsk/fariseersk konsil i Jamnia i det fyrste hundreåret, men enkelte meiner at dette ikkje var eit “ekte konsil.” Vel, poenget er at Luther nytta seg av det desse sa, utan å tenke på at dei også fordømte dei kristne. Så; er det slik at reformatorisk bibelteologi = Kristen tradisjon er feil, rabbibsk/fariseersk tradisjon er rett?

One comment on ““Sola Scriptura”?

  1. […] * Dette er ei av bøkene som Luther helst ville ha ut av Bibelen. Det er vel slik at dersom Bibelen ikkje heilt passar inn med teologien, så skal ein altså forme Bibelen etter det ein trur. Ironisk, med tanke på det lutherske krondogme; sola scriptura, «Skrifta åleine,» som eg skreiv om i går. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s