Sola Fides?

Ein av grunnpilarane i luthersk teologi er konseptet at frelsa kjem av “trua åleine,” eller sola fide, som det heiter på fint. Då Luther omsette Rom 3:28, omsette han det slik; “…av tru åleine, utan lovgjerningar.” I den greske teksten finn ein ikkje ordet “åleine,” men dette treng ikkje vere noko problem. Ein må ofte setje inn forklarande ord i ei omsetjing.

Ta til dømes 1Joh 3:18, som direkte omsett blir slik: “Mine born, lat oss ikkje elska med ord, men i gjerning og sanning!” For å få fram meininga bak denne teksten, så må ein legge til nokre ord. Enkelte gjer slik; “…lat oss ikkje berre elska med ord, men også i gjerning og sanning,” andre, mellom anna NT05, omset det slik: “…lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning!”

Men slike omsetjingar må ikkje skape sjølvmotsetningar i teksten. Problemet med Luther si omsetjing av Rom 3:28 er nettopp at den gjer det, den blir ståande i motsetnad til andre bibelstader, mellom anna dei mange stadane der Kristus kallar oss til å fylgja boda Hans, og spesielt Jak 2:24,(1) som slår fast at “eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.”

Problemet med denne lutherske læra, er at den 1) reduserer trua til “rein fornuft,” ut frå ei moderne definisjon av fornufta, og 2) at den kviler på eit ubibelsk skilje av ånd, sjel og kropp. La meg sjå på desse.

Trua — rein fornuft?

Trua er fornuftig. Men problemet er at ein på tida rundt reformasjonen og framover fekk eit meir og meir snevert syn på fornuft. Peter Kreeft skriv at; “Ever since Descartes, “reason” has also meant primarily ratio, not intellectus; dianoia, not episteme; calculation, not understanding.” (s. 99) Vidare forklarar han at; “The two things that distinguish man from the beast are Logos a Tao, the word and the law, understanding and morality.” (s. 157)

Aristoteles kalla mennesket for eit rasjonelt dyr, og dette fangar inn nettopp dette. Problemet er at fornuft har blitt redusert til kalkulasjon, og at ein difor ikkje forstår kvifor vi skal forkusere så mykje på den. “Gud liker dei einfaldige,” ser ut til å vere ei slagord som går igjen. Med dette går eg overtil neste del.

Kropp, sjel og ånd

I “The Preacher’s Story” (del fire) skriv baptistpastoren Gordon Atkinson om eit problem med dagens vestlege kristne; vi er altfor dualistiske, vi tenker altfor mykje på kva som skiljer ånd, sjel og kropp, enn kva som foreinar dei:

Turns out Christianity is an Eastern religion. The earliest Christians were Hebrews. Semites. People of the East. They did not know how to separate mind from body. They were holistic before holistic was cool.

In our world we have separated mind from body to our great loss. Here a man may betray his wife and neglect his children, but say he loves them “down inside”.

Bullshit. There is no “down inside.” Love is something you do, not something you feel. (Atkinson: 2005)

Det er sjølvsagt forskjellar mellom menneskets “delar,” men mennesket er ikkje fullt ut menneske dersom det manglar noko. Dette er heile poenget med “oppstoda av lekamen.” I “Men Without Chests,” fyrste kapitlet/essayet i boka The Abolition of Man, tar C.S. Lewis opp eit problem med moderne utdanning — den skapar menneske utan «brystkasse,» dvs. utan moralsk karakter, utan ein måte å forhalde seg til “the Tao,” morallova. “As the king governs by his executive,” skriv han, “so Reason in man must rule the mere appetites by means of the ‘spirited element’. The head rules the belly through the chest—the seat, as Alanus tells us, of Magnanimity, of emotions organized by trained habit into stable sentiments.” (Lewis: 1946: 20-21)

Problemet i luthersk teologi, er at ein har eit feilaktig syn på trua, slik Jakob presenterer det. Jakob forklarar oss at trua er intelektuell av karakter, at den er “anerkjennelse av de teologiske sannheter,” slik James (Jimmy) Akin forklarar det i sin gjennomgang av Jakob 2:18-26. Når Paulus snakkar om tru, så set han det i eit triangel av tru, håp og kjærleik (1Kor 13). Kjærleiken er tom dersom han ikkje blir sett ut i livet. Og her kan vi sjå vidare på Lewis sin metafor. Poenget hans er at hovudet (fornuft) styrer magen (kroppen/driftene) — og dermed gjerningane — gjennom sjela, som skal vere trent opp i dydene. Bibelen lærer oss at vi blir frelst “ved tru, utan lovgjerningar.” Men denne trua, som er tufta på fornufta, skal styre kroppen og dei orda og gjerningane som den produserer. Og, som Ratzinger, no Pave Benedict XVI, poengterer, så handlar ikkje trua om “å utlevere seg blindt til det irrasjonelle,” men om “å vende seg mot «logos», mot «ratio», mot meningen og dermed mot sannheten selv.” (Innføring i Kristendommen, s. 49)

Noter:

1. Dette er ei av bøkene som Luther helst ville ha ut av Bibelen. Det er vel slik at dersom Bibelen ikkje heilt passar inn med teologien, så skal ein altså forme Bibelen etter det ein trur. Ironisk, med tanke på det lutherske krondogme; sola scriptura, «Skrifta åleine,» som eg skreiv om i går.

Kjelder:

Lewis, C.S., The Abolition of Man. London: Geoffrey Bles, The Centenary Press, 1946

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s