Øvsteprest for Den nye pakta

Tekstane for 30. søndag i almenne kyrkjeåret er Jer 31:7-9, Hebr 5:1-6 og Mark 10:46-52.

Eg vil i denne andakten konsentrere meg om Kristi rolle som øvsteprest, slik vi kan lese om i teksten frå Hebrearbrevet:

Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. Han kan vera mild mot dei som uvitande fer vill, fordi han òg er veik og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron. Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest.

Han fekk henne av Gud, som sa til han: Du er son min, eg har født deg i dag. Og som han seier ein annan stad: Du skal til evig tid vera prest av same slag som Melkisedek.

Grunnen til at eg vil konsentrere meg om dette er fordi dette er grunnen til at Kristus lækte folk, og tilgav dei syndene sine: Fordi Han var/er Frelsaren. Eg vil også påpeike at det greske ordet som ofte blir omsett med frelse, eigentleg betyr “lækje.”

Men kva er det å vere øvsteprest, og kva er spesielt med å vere det etter Melkisedek sitt vis, istaden for etter Aron sitt vis? For å forklare dette, små må vi gjere eit lite dykk i Bibelen, og vi må sjå på kva som er forskjellen mellom den gamle og den nye pakta.

Fyrste gongen vi møter Melkisedek er i 1. Mos 14. Det er svært viktig å legge merke til at dette er før innstiftinga av det aronittiske prestedømet, ikkje etter. Abram (som seinare vart Abraham) har akkurat vunne over fire kongar; Amrafel, konge i Sinear; Arjok, konge i Ellasar; Kedor-Laomer konge i Elam; og Tidal, konge over Gojim. Det står, i v. 17-20:

Etter at Abram hadde vunne over Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, tok han på heimveg. Då kom kongen i Sodoma imot han til Slettedalen, som no heiter Kongsdalen. Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Den Høgste Gud. Han velsigna Abram og sa: «Velsigna vere Abram av Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord! Lova vere Den Høgste Gud, som har gjeve dine fiendar i di hand!» Så gav Abram han tiend av alt.

Det vi må leggje merke til her, er fire ting; 1) Han var konge (i Salem), 2) han var “prest for Den Høgste Gud,” 3) han “kom ut med brød og vin,” og 4) vi høyrer ikkje noko om mannen før eller etter denne episoden. Her ser vi klare koplingar til Kristus;

  1. Han er Konge. Eg er litt usikker på kva by Salem er, men eg har høyrt at det skal vere Jerusalem. Kristus er Konge over Det Nye Jerusalem, himmelen, for hans “kongsmakt er ikkje av denne verda.” (Joh 18:36)
  2. Kristus er, ifylgje teksten i Hebrearbrevet, vår øvsteprest framføre Gud, “Den Høgste Gud,” og Han er difor “prest til evig tid på Melkisedeks vis,” som det heiter i Samle 110:4.
  3. Kristus kom også med brød og vin, signa det, og sa at dette var Hans lekam og blod. Gjennom dette skal vi ha del i Hans nåde på ein konkret og materiell måte.
  4. Sidan vi ikkje høyrer noko om Melkisedek sin fødsel eller død, så “veit vi ikkje” om han er død eller ikkje. Difor kan dette vere eit klart bilete på Kristus, som er det evige Guds Ord.

Så, kva har vi lært? Jo, at Kristi oppgåve som øvsteprest er evig, noko det aronittiske prestedømet ikkje er. Det sistnemnde vart oppløyst i og med Kristi stifting av den nye pakta — Den evige pakta — og var ikkje evig, men knytt til tida. Ein av funksjonane til det aronittiske prestedømet trur eg var å vise desse at mennesket ikkje kan frelse seg sjølv, ein treng ein utanom, ein som sjølv ikkje har synd.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s