Harry Potter og X-Men

[Edit: Gløymte note]

I diskusjonar om Harry Potter, og då spesielt om magien, er det ein ting som har slått meg; kor store likskapar ein finn mellom magien i Harry Potter-bøkene, og kreftene til superheltar, og då spesielt dei vi kan lese om i X-Men.

Tenk på det. I Harry Potter er det snakk om ein gjeng born som skal reise til in skule for folk med magiske krefter. I X-Men er det snakk om ein gjeng born som skal reise til in skule for folk med spesielle krefter. På begge stader blir dei opplært til å kontrollere kreftene sine.

Eg synst dette er interessant, og pleier å bruke dette til å forklare at Harry Potter-magien, som ikkje er trolldom som vi les om i Bibelen,(1) handlar om korleis ein skal kontrollere dei kreftene ein har. Då vil eg at de skal sjå denne morosame filmen, frå YouTube:

Noter:

1. Trolldomen vi kan lese om i Bibelen er det ein på engelsk kallar “sorcery,” som — ordbøker kallar “the art, practices, or spells of a person who is supposed to exercise supernatural powers through the aid of evil spirits,” “[the use] of supernatural power over others through the assistance of spirits,” og “the belief in magical spells that harness occult forces or evil spirits to produce unnatural effects in the world.”

Dette finn vi ikkje i Harry Potter, her er magien heller ein immanent kraft, noko som er der av natur. Dette ser vi altså igjen i X-Men og i Supermann, og det er altså rein fantasi og har ingen ting med okkulte krefter å gjere.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s