Unaturleg?

Etter at eg i den siste tida har diskutert med forskjellige folk i kjølevatnet av Jan-Aage Torp sine uttalingar om at vi skal “hjelpe dyrene til å kurere” sin homoseksualitet, har eg tenkte at eg vil skrive ein tekst som tar for seg kva ein i kristen teolgi meiner med at homoseksuell praksis er unaturleg, og kvifor vi meiner at synd er unaturleg.

Det fyrste, og kanskje viktigaste, er å presisere kva som blir meint med uttrykket “natur.” Eg får i mange diskusjonar pepper for å meine at homoseksuell praksis,(1) skilsmisse, “one night stands,” etc. er unaturleg. I ein diskusjon vart eg møtt med påstanden at natur rett og slett er “det som eksisterer” og “det som skjer i naturen.” Hovudproblemet med dette er at ein då ikkje berre skal godkjenne homofil praksis, men også sex med eigne born (som skjer blant kaninar), valdtekt av andre for å vise kven som er sterkast (som er eit vanleg fenomen, mellom anna blant hundar), etc. Nei, eg vil heller definere “natur” som opphavleg(e) eller medfødd(e) eigenskap(ar), eller vår grunnhått(2), vårt indre vesen og vår eigenart, som det står i ordboka sin fyrste definisjon.

Menneskenaturen er altså vårt indre vesen, vår “grunnhått.” I fylgje klassisk kristen teologi så har også dyr og plantar ei sjel, men ei anna type sjel, ein annan natur. Ein seier at det er sjela som animerer den levande organismen. Men når vi så har tatt i bruk denne definisjonen, så må vi sjølvsagt også sjå på kva som definierer “menneskenaturen.”

For min del så trur eg at det som definerer vår natur er rasjonalitet, fornuft. Her må det også presiserast at fornuft har fått ei snever definisjon etter Descartes og Kant, som reduserte det til ratio, i staden for intellectus; dianoia i staden for episteme; kalkulasjon istaden for forståing. Når klassiske filosofar snakka om mennesket som eit rasjonelt vesen, så meinte dei ikkje at mennesket kunne leggje saman 2+2, dette kan ein lære ein elefant. Dei meinte at mennesket kunne tenke logisk og forstå ting. Ei datamaskin kan kalkulere, men den forstår ikkje. Men i fylgje den moderne reduksjonistiske definisjonen av fornuft, så er ei datamaskin fornuftig. Difor har du jo enkelte som seriøst trur at ein kan “laste ned” seg sjølv på ei datamaskin.

Difor er det ikkje, i alle fall i katolsk teologi, noko motsetndad mellom tru og fornuft. Pave Johannes Paul II skreiv om dette i encycliaet Fides et ratio, og difor kan ein seie at å vere kristen er å rette seg mot fornufta, mot Logos.

Eg trur at sex har eit mål; at born skal bli fødde. Difor er synd mellom to personar av likt kjønn unaturleg, det går altså mot målet for seksualiteten. Eg er derimot ikkje einig med det Jan-Aage Torp skriv om, av fleire grunnar;

  1. Det er for meg totalt irrelavant om ein dvergsjimpanse har sex med “kameraten” sin, eg definerer ikkje min etikk ut frå det dyra gjer.
  2. Eit dyr er ikkje eit fornuftsvesen, og kan difor heller ikkje vere moralsk eller etisk ansvarleg for det som det gjer. Ein hauk som tek eit born er difor ikkje “vond.”

Så, i diskusjonar der ein snakker om at noko er unaturleg så blir det feil å angripe folk fordi ein bruker ei anna definisjon av “natur” enn det ein sjølv gjer. Ein ateist/materialist definerer altså naturen som “det som skjer i naturen,” men han kan ikkje då kreve at vi skal gjere det same.

Noter

1. Eg skriv homoseksuell praksis, då det å vere tiltrukken av andre ikkje nødvendigvis har noko med personen sjølv å gjere, men lyst. Problemet er jo at ein meir og meir definerer mennesket med utgangspunkt i kjenslene, i staden for i fornufta.

2. “Grunnhått” er eit interessant ord. Ein ser klart at det — i alle fall i ordet “grunn” — er ei omsetjing av det latinske substantia, “det som står under.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s