“The Root of All Evil?”

I Januar (2006) starta fjernsynsprogramet “The Root of All Evil?” på Channel 4 i Storbrittania. Programmet, som var skrive og presentert av Richard Dawkins, tok ppp nokre “problem” med religion.

Hovudpoenget hans var altså at verda hadde vore ein mykje betre stad å vere dersom det ikkje hadde vore for religion. Han viste til ei rekke dømer, mellom anna Colerado Springs, der 45 prosent av folketalet trur at universet er under 10,000 år gammalt og Jerusalem, som ifylgje Dawkins er “eit mikrokosmos av alt som er galt med religion.” Her tenker eg at valden er det han misliker mest. Men la oss teste ut denne hypostesen, la oss ta for oss kristendom og islam, imot ateismen. Eg er usikker på kor mange liv islam har på samvitet, så eg skal ikkje dra det fram her (eg vil ikkje komme med gale påstandar). Men det er eigentleg irrelevant for meg, eg er ikkje muslim. Før eg går vidare, vil eg nett teste ut dette. Tenk deg fylgjande scenario: Børge Brende slår ned ein mann på gata og Jens Stoltenberg blir konfrontrert med dette. Er dette sannsynleg? Nei, sjølvsagt ikkje. Men ifylgje Dawkins sin logikk er dette heilt konsekvent, dei er jo begge politikarar. Bytt så ut Børge Brende med Osama bin Laden, Stoltenberg med meg, og politikarar med “religiøse.”

Så, kor mange liv har kristendommen på samvitet? I denne artikkelen vart tala tatt opp av Bjørn Are Davidsen, og dei er;

  • Oppgjer med heidningar i sein-antikken: 10.000
  • Brutale omvendingsaksjonar (t.d. Olav den Heilage): 90.000
  • Korstoga: 200.000? (usikre tall, handlar også om “vanleg” krig)
  • Inkvisisjonen/kjetterforfylgjingar/jødeforfylgjingar: 200.000
  • Hekseprosessane: 50.000
  • 30-årskrigen: 500.000
  • Conquistadorar: 100.000

Vi kjem altså til ein sum på ca. 1.150.000 drepne, men Davidsen seier at vi kan ta “i litt ekstra,” og seie ca. 2 mill. Og, som Davidsen påpeiker, så er jo ikkje dette “mykje,” “særlig ikke hvis man sammenligner med hva andre slaktere har utført.” Så, kva står ateismen bak? Eg tar utgangspunkt i lista til Davidsen, men luka ut det som kan vere religiøst motivert, og det som er irrelevant for dette (t.d. 1. verdskrigen):

  • Stalin: 20 millioner
  • Mao: 10-40 millioner
  • Pol Pot: 1,6 millioner

Altså, tre personar, og dei har stått bak mellom 31 og 70 millionar døde, alt innanfor same hundreåret. Så, er det religion eller ateismen som er “rota til alt vondt?” Davidsen sin konklusjon oppsummerer dette bra;

Det er få religioner/ideologier med politisk makt som har påført verden MINDRE lidelse enn kristendommen, selv når man tar litt hardt i hva som er gjort av «kristne» motiver.

9 comments on ““The Root of All Evil?”

  1. Et annet argument springer ut av betraktninger om hva ondskap (som kristendommen anklages for) egentlig er. Er ondskap noe i seg selv, eller er det perversjonen av det gode (som du har vært inne på i tidligere tekster)? Hvis det er sistnevnte, er ikke ondskap i kristendommens navn nettopp det vi vil forvente?

    Ja, er det ikke attpåtil slik at det ontologisk beste – den kristne kirke – vil kunne benyttes til den aller største ondskap?

  2. Jo, difor må vil sjølvsagt arbeide med oss sjølve. Det er difor Gandalf ikkje kunne ta Ringen, han ville bli ein mykje verre tyrann enn Sauron. Men det er kanskje litt på sida av saka.

    Dette innlegget var nok mest meint som ein viss provokasjon fordi Dawkins sitt syn på religion er så altfor mykje framme i media.

    mvh

  3. Ivar says:

    Hei, jeg lurte på om du har sett noen av disse episodene? I såfall, hva går de utpå? Har noen (ateistiske) venner som ser det og godter seg.

    Er det bare det med at religion har tatt liv til mange, eller tar han opp flere ting?

    Mvh

  4. Redigert

    Han tar primært opp sine eigne fordommar, for å setje det litt på spissen.

    Program 1:

    I dette fyrste programmet (av totalt 2?) tar han opp forskjellige ting som han synst er “galt”* med religionen. Fyrst besøkte han Lourdes i sør-Frankrike, og samanliknar “gruppesolidariteten” mellom ei gruppe pilgrimmar som synger “Laudate Maria.” Dette samanliknar han med å tru at ein er Napoleon (som om det er noko samanheng). Vidare kritiserer han dei som står der fordi dei får signa vatn over seg, og meiner at dei snarare blir sjuk enn frisk av det. Gjennom dette ser ein at han ikkje berre meiner at “religion er teit asså,” men at religion skal vere totalt privatisert, og at det ikkje skal ha noko fysiske kjenneteikn.

    Vidare pratar han om “trua mot vitskapen,” og her må eg innrømme at han har eit slags poeng. Dersom noko er sant vitskapleg, så er det sant (men vitskapen må ikkje bli dogmatisert). Men eg må seie at eg her heller heldt meg til Gould. Dawkins tar her opp opptakinga av Maria i himmelen, og påstar at dette kan motbevisast (og då gjeld vel det Kristus også). Vel, go ahead, Richard! Vidare tar han turen til Jerusalem, og snakkar om vald i religion. Det har eg tatt opp i posten.

    Program 2:

    Her tar Dawkins opp ting som sekterisk utdanning og moral. Sekterisk utdanning er eit reelt problem, men det er eit like stort problem om det blir gjort i ein ateistisk setting. Var utdanninga i Sovjet perfekt? Er utdanninga — for ikkje å snakke om utfringsfridomen — i Kina perfekt?

    På det moralske område tar Dawkins igjen opp evolusjonsbiologien, og der er det eg meiner han (og visse andre) tar feil. Men det kan vi diskutere ein annan gong.

    Det som er det mest idiotiske med dette, er at han nærast berre gjev ordet til ekstremistar, og det er aldri god journalistikk.

    * Ein kan jo spørje seg korleis noko kan vere “galt” utan at det er noko objektiv moral bak.

  5. Eg vil leggje til nokre artiklar som kritiserer Dawkins:

    — Madeleine Bunting: “No wonder atheists are angry: they seem ready to believe anything” (Guardian)

    — Keith Ward: ” Faith, hype and a lack of clarity” (The Tablet).

    Eit sitat frå den siste artikkelen:

    So why can Professor Dawkins only see the bad in religion? Why is he incapable of making an objective, “scientific”, study of it, in all its diversity? Why is he unable to make distinctions between the many different forms of religious belief? I do not know the answer to these questions, but I do know this apostle of reason, when confronted with the word “faith”, suddenly becomes irrational, careless of truth, incapable of scholarly analysis. I really think it must be some sort of virus, and I wish my colleague a speedy recovery.

  6. Har lest de to artiklene før, og jeg må si jeg likte Wards “punchline” mot slutten der…😉

  7. Thomas says:

    I praksis kan det være vanskelig å skille mellom vold i Guds navn og “verdslig” vold. Kirken har mange ganger blitt et redskap for den verdslige makten, og dette har ofte skapt store ulykker. Det er øyensynlig viktig å tenke over hva som ligger i å gi keiseren hva keiserens er, og Gud hva Guds er. Forholdet til makten har vært et dilemma siden den hellige Konstantins omvendelse.

  8. en som er skeptisk til alt says:

    hitler…var ikkje han kristen?

    og når du nevner stalin osv, de har ikke gjort det i ateismens navn, det er et politisk syn som kalles kommunisme.

    religiøse retninger dreper i gudens navn.

    likheten mellom de er at det handler om makt og kontroll. Det er ofte slik at mennesket bruker religion e.l. som redskap for å få mer makt. Dette er dumt. Vi skal ikke gå lengre enn inn i oss selv for å finne årsaken til alt ondt tror jeg.

    Og hvis du leser “Gud: En vrangforestilling av Richard Dawkins så inrømmer han selv det at han ikke likte tittelen på programmet, det er ikke hans personlige mening at religion er roten til alt ondt.

  9. Altså: kristne som drep folk gjer det fordi dei er kristne, medan ateistar som drep folk gjer det fordi dei er slemme?

    Strauk du i logikk?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s