“Å finne seg sjølv”

“Du løftet meg opp av fordervelsens grav
og satte mine føtter på fjell.
Du viste meg nåde istedenfor krav,
da fant jeg tilbake til meg selv.”

— Bjørn Eidsvåg, “Føtter på fjell”

Eg byrjer denne posten med å sitere Eidsvåg, fordi eg trur at han har eit viktig poeng i denne songen. Ved å finne Kristus, ved å motta Hans nåde, så finn vi verkeleg tilbake til oss sjølve. Men på ein heilt annan måte enn i nyreligiøsiteten.

Men før eg går vidare, så vil eg påpeike at eg ikkje trur at Kristus kom med nåde i staden for krav, men at nåden — som set våre føter på fjell og gjev oss ein ståstad og forståing (jmf. Jes 7:9) — verkar slik at vi kan leve etter Kristi krav. Desse krava er ikkje slik som farisearane, men er sentrert rundt kjærleiken. I Ef 2:-10 forklarar Paulus at vi er frelste “av nåde,” “ved tru,” og at frelsa “ikkje [kviler] på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.” Men så legg han til, i v. 10 (mi utheving): “For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.” Men tilbake til tema.

I ein diskusjon fekk eg ein gong spørsmål om kvifor Kristus sa at, “Sæle dei som er fattige i si ånd, himmelriket er deira.” (Matt 5:3) Ein debattant spurte meg kvifor Kristus sa dette. “Er det ikkje slik at vi skal bli rike i møte med Kristus?” spurte han. Vel, det er rett at vi blir rike i møte med Kristus, men poenget er å forstå korleis vi blir rike.

I Bibelselskapets utgåve av 1978/85 står det: “Sæle dei som er fattige i seg sjølve…” Hjarta er sjela, vår person. Her må det poengterast at Bibelen — og kristen teologi — av og til bruker same ord om sjel og ånd. Det kan godt hende at eg skriv feil, men eg trur at i dette verset så meiner ein sjela og anden samla, altså vår person, substansen i sjel-kropp-forholdet.

For å oppnå frelse — vårt telos, fellesskap med Gud — så må ein vere fattig i seg sjølv, men rik i Kristus. “For den som vil berga livet sitt, skal mista det,” seier Kristus. “Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?” (Mark 8:35f)

Poenget i Kristi ord ligg i Hans mål, Hans meining med å la seg Inkarnere inn i vår verd. “Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort,” som det heiter hjå St. Athanasius. Gud vart ikkje menneske for at vi skulle fortsette slik vi er, men for at vi skulle få fellesskap med Han, og gjennom Han dø frå oss sjølve, og få “del i guddomleg natur,” som Peter seier det (2Pet 1:4).

Dette ordnar også problemet vi får når vi skal “finne oss sjølv.” Sokrates sa ofte, “Kjenn deg sjølv!” Men korleis “kjenner ein seg sjølv”? I psykologien meiner ein at ein har svaret på dette, men eg trur den er ein blindveg. Ja, det finst sjølvsagt mykje bra innad i psykologien — og eg meiner ikkje at folk ikkje skal gå til psykoplog. Problemet med psykologien er todelt; 1) mange folk trur at den er ein mirakelkur, og 2) den opererer med ein feilaktig premiss, at vi vitskapleg kan “kjenne oss sjølv” som eit objekt, slik vi kjenner ein bilmotor eller anatomien til ein frosk.

Eg trur at Sokrates sitt “motto” — “Kjenn deg sjølv!” — var (og er) eit paradoks, og at svaret ligg i relasjonen. “På deg sjølv kjenner du andre,” heiter det i ordttaket. Eg vil heller snu det rundt, og seie; “På andre kjenner du deg sjølv.” Det heiter at vi er skapt i Guds bilete, og Gud er treeinig, relasjonell.

Dette, at vi blir meir menneskelege gjennom å legge bort det egoistiske, gjennom å relatere oss til andre, er eit “bilete” på vårt forhold til Gud, den ultimate “andre.” Så, når Kristus seier at vi er sæle når vi er “fattige i [vår] ånd,” så meiner Han at sæle er dei som fylgjer Kristus, som ikkje er sjølvopptekne og egoistiske, men som går inn i eit fellesskap med Gud, og får “del i guddomleg natur.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s