Nåden

Tekstane for 32. søndag i almenne kyrkjeåret er 1 Kong 17:10-16, Hebr 9:24-28 og Mark 12,38-44. Les alle tekstane. Eg skal her berre “meditere” litt over dei.

Kva er det som karakterer Guds interaksjon med oss menneske? Eg trur at svaret ligg i forholdet mellom Gud nåde og vår frie vilje, vårt frie “ja” til Gud. Dagens tekstar handlar nettopp om Guds nåde, og korleis han gjev den til oss.

I evangelieteksten ser vi at Kristus åtvarar oss mot dei skriftlærde, fordi dei “vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod.” (Mark 12:38f) Vidare forklarar han at dei, som i ein total motsetnad til Elia (fyrste lesetekst), “et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld.” (Mark 12:40) Dette set han vidare i kontrast til enka som gav to småmyntar i tempelkista: “Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.” (Mark 12:43f)

Det same skjedde mellom Elia og enkja i Sarepta. Ho hadde berre litt mjøl og olje igjen, og med det skulle ho lage til litt mat, og så skulle ho og sonen hennar “leggja [seg] til å døy.” (1Kong 17:12) Men Elia sa at ho skulle bake eit lite brød til Elia, ja rett og slett gje det vesle ho hadde att, og då skulle ho få mykje att: “For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.” (1Kong 17:14) Og det skjedde.

Når vi les desse to historiane, så ser vi at Gud hjelper dei som treng hjelp, og ikkje minst — dei som faktisk vil ha hans hjelp. Når vi vidare les det i samanheng med teksten frå Hebrearbrevet, og Kristus som øvsteprest, så ser vi også noko anna, at dette er noko som blir fullenda i himmelen, der vi får del i det sæle synet (jmf. 1Joh 3:2, samt DKKK #1028.)

Kristus sa at “Mi kongsmakt er ikkje av denne verda.” (Joh 18:36a) Og det som skjedde med enka i Serapta var eit bilete på himmelriket, der vi får fullt ut del i alle gode gåver, der vi alle får ei “sereptakrukke.” Vi skal der alle få del i Guds liv, i Guds overflod, fordi vi er Hans born, og fordi vi har valt å ta del i det. Vi har, heilt fitt, valt å gje det vesle som var att — våre eigne liv — til Gud.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s