Kristus er konge!

Eg må berre beklage den seine postinga av søndagsteksten.

I dag er det Kristi kongefest, siste søndagen i kyrkjeåret, og tekstane er Dan 7:13f, Op 1:5-8 og Joh 18:33b-37. Eg skal som vanleg meditere litt over dei.

Som sagt så er det i dag Kristi kongefest. Det vi må spørje oss då, er 1) kva er det å vere konge, og 2) kva har det å seie for oss at Kristus er vår konge?

1. Kva er det å vere konge?

Det er alltid viktig å definere termane før ein byrjar på noko. Så kva er ein konge? Dersom vi slår opp i ordboka, så for vi ei rekke definisjonar på kva en konge er: “mannleg monark,” “herskar,” “majestet,” “mektig,” “dugande mann,” “rådande kraft,” og “noko(n) som er størst” eller “mektigast i sitt slag.”

Kristus er ein “mannleg monark.” Gud er som kjent ikkje knytt til noko kjønn, men Kristus er framleis i sin menneskenatur, og er deifor ein mannleg monark. Vidare veit vi at Kristus er herskaren, Han er majesteten, Han er mektig, ja Han er faktisk den “rådande krafta” som er “størst [eller] mektigast i sitt slag.” Då veit vi det, men kva er relevansen for oss?

2. Kva vil det seie for oss at Kristus er vår konge?

Det er jo sjølvsagt relevant for oss at Kristus er vår konge, Han er jo den som bestemmer. Men på kva måte utfører Han si kongsmakt? I dagens evangelietekst seier Kristus at Han er konge, men at Hans kongemakt ikkje er av denne verda. Vidare fortset Han, og sei: “Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.” (Joh 18:36)

Det vi då kan dra fram, er at Kristi kongsmakt ikkje berre er knytt til makt, slik det ofte har vore i jordlege makter oppetter historien, men den er knytt til sanninga. I “Men Without Chests,” det fyrste kapitlet i The Abolition of Man (HarperSanFrancisco 2001 (New York 1947)) brukte Lewis ein metafor om mennesket som var lånt av Platon, og skreiv: “As the king governs by his executive, so Reason in man must rule the mere appetites by means of the ‘spirited element’. The head rules the belly through the chest…” (s. 24)

Så, det styrande prinsipp i mennesket, kongen, er vår fornuft, vår ånd. Men ein kan som kjent ikkje stole fullt og heilt på sitt eige hovud, på sin eigen intuisjon utan Gud. For som det står i Salomos ordtøke: “Age for Herren er opphav til visdom, å kjenna Den Heilage er vit.” (Ord 9:10)

Så, Kristi kongsmakt, som er knytt til det sanne, er altså at Han er den som styrer vår fornuft, som vidare styrer resten av mennesket. I The Discarded Image (Cambridge: 1964, 1994) skreiv Lewis om vår rasjonelle del av sjela slik det vart sett på i middelalderen, og der siterte han Geoffrey Chaucers “The Parson’s Tale” frå Canterbury Tales, I. 262: “God sholde have lordschipe over reson, and reson over sensualite, and sensualite over the body of man.” (s. 154)

Men Kristus, som er vår konge, sa at, “Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.” (Joh 8:36) Dette blir berre fornuftig om vi knyt det opp mot sanninga. Innanfor evolusjonsbiologi, kven er mest fri, den som har stor kunnskap om emnet, eller den som ikkje har det? Jo, sjølvsagt er den den fyrste. Slik er det også med Gud. Den som har stor kunnskap om Gud, den som kjenner Gud, er den som er mest fri. Og difor er det slik at frelsa i Kristus, vår konge, gjer oss frie, verkeleg frie. “Og dette er det evige livet,” seier Kristus, “at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.” (Joh 17:3)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s