Sant menneske

I denne bloggposten om blasfemi på bloggen Ars Ethica var det — kanskje litt på sidelinja av tema — ein diskusjon om Kristus, og det menneskelege. Her vil eg klippe inn litt frå diskusjonen mellom Martin og Nicolas (som står bak bloggen), redigert inn i ei dialogform:

Martin: “Jeg leste stripen. Hadde det vært en harselering med en hvilken som helst kristen, gjerne paven også for den saks skyld (jeg er jo protestant) så hadde det ikke brydd meg en døyt mest sannsynlig. For de er alle mennesker med sine feil. Alle mennesker er syndere, og vi har alle sider ved oss som kan gjøres narr av. Men når man gjør narr av Jesus Kristus himself, da er det ikke noe jeg hverken synes er morsomt eller vil gi min oppriktige støtte til.”

Nicolas: “Hm, jeg trodde Jesus var menneskelig og dermed også med feil.”

Martin: “Nei, Jesus var syndfri i den grad han kunne være det. Han var jo tross alt et menneske, men han var også Gud. Og Gud og feil går ikke i hop.”

Eg må seie at denne diskusjonen er interessant, men eg er (til dels) ueinig i det Martin skriv. Kristus er syndfri, men det Martin skriv er litt feil. Han skriv at Kristus var “tross alt et menneske, men han var også Gud. Og Gud og feil går ikke i hop.” Problemet er at ein set ein likskap mellom det menneskelege og det syndige. Ein kan seie at alle syndarar er menneske, men ikkje at alle menneske er syndarar. Det ville anten 1) benekte at Kristus var menneskeleg, eller 2) gjer Kristus til ein syndar. Spørsmålet vi må stille oss, er dette: Kva er det sant menneskelege?

Vi seier at Kristus er “Gud av Gud, lys av lys, sann Gud av sann Gud” (Nicenum), men at Han også er “sant menneske.” Dette uttrykket meiner eg har ein dobbel klang. For det fyrste vart det brukt for å stadfeste at Kristus var fullt og heilt menneske, ikkje 50% til dømes. Men det fortel oss også noko anna — som er meir interessant; nemleg at Kristus er sant menneskeleg. Så, det vi må spørje oss, er kva er det å vere sant menneskeleg? Til dette vil eg ta for meg 1Mos 1:26-31:

Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” Og Gud sa: “Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Det vi kan dra fram av dette er at mennesket 1) er skapt i Guds bilete, 2) er sett til å råda over jorda, på oppdrag frå Gud, og 3) er “overlag godt.” Altså er det Martin seier eigentleg feil. Før eg går vidare, vil eg poengtere at Martin sikkert er einig i det eg skriv, at Han ikkje meiner at det menneskelege er syndig slik det er skapt. Likevel meiner eg at det han skriv kan bli misforstått. Poenget er at synd ikkje er menneskeleg, det er umenneskeleg. Tony Campolo forklarer det slik:

Sin is not just something you did in the backseat of a Honda on a date in high school. Sin is whatever diminishes your humanness and/or diminishes the humanity of someone else. It’s worse than just breaking some rules that were laid down before the foundation of the world. It’s more dangerous than offending some trancendental Shylock who demands his pound of flesh from anyone who ticks him off. Sin is that which cuts into the heart of your being, tarnishes your dignity, dulls your capacity for ecstasy, and desensitizes you to any signals of love that others may send your way.

Så, Kristus er sant menneske, Han er faktisk den einaste som her på jord har vore sant menneske. Han var ikkje berre “overlag god,” men levde også i fellesskap med Gud, den som mennesket er skapt i biletet av. Som lesarar av denne bloggen sikkert har lagt merke til, meiner eg at mennesket essensielt skal vere fornuftig, og at vi skal la vår fornuft styre over resten av mennesket gjennom “hjarta,” slik ein konge styrer gjennom sin nestkommanderande.(1) Slik trur eg at Kristus var. Eg trur at Han lot sin fornuft styre over resten av den sin menneskelege del, i full lydnad til Gud. Han lot sin fornuft bli styrt etter Guds fornuft, Logos. For å seie det litt enkelt; å vere menneskeleg er å vere Kristuslik.

Noter:

1. Dette er ei lett parafrasering av C.S. Lewis som i “Men Without Chests,” det fyrste kapitlet av The Abolition of Man, skriv at, “As the king governs by his executive, so Reason in man must rule the mere appetites by means of the ’spirited element’. The head rules the belly through the chest…” (s. 24) Fornuft er her i klassisk definisjon, ikkje redusert til kalkulasjon.

2 comments on “Sant menneske

  1. Nicolas says:

    Takk for en grundig oppklaring; jeg tror faktisk jeg skjønte hva du mente😉 (for jeg ser nå at forklaringen til Martin ikke motsier deg, men jeg misforsto den akkurat som du fryktet man kunne misforstå den)

  2. Petter says:

    Jag är lite oenig:

    Det finns (och kommer att finnas) bara en sann människa, bara en människa som är utan synd, bara en Guds avbild: Jesus Kristus. Vi andra är kallade att leva i honom, i hans efterföljd och i likhet till honom. I oss själva lever vi som fallna människor och kan inget annat än synda.

    För övrigt är jag enig.

    Mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s