Kristi komme

I dag er det 1. Søndag i advent, fyrste søndagen i kyrkjeåret, og tekstane for dagen er Jer 33:14-16, 1Tess 3:12-4:2 og Luk 21:25-28.34-36. Eg vil berre meditere litt over tekstane, og det tema som gjennomstrøymer dei.

Temaet for denne fyrste søndagen er Kristi komme. Vi får ofte spørsmål om kvifor vi feirer jul, og kvifor vi har advent. ”Kvifor bry seg om jul og advent, Kristus kom jo for 2000 år sidan.” ”Kvifor feire jul akkurat no, veir du kortid Jesus vart fødd.” Det siste spørsmålet må nok svarast med fordi tradisjonen er slik, og eg ser ikkje noko meining i å endre på den tradisjonen for å vere ”original.” Men vi (eg i alle fall) veit ikkje nøyaktig kortid han vart fødd. Men la oss gå til det fyrste spørsmålet. Kvifor bryr eg meg om jul og advent når det er 2000 år sidan Jesus vart fødd?

Dette spørsmålet finst det mange forskjellige svar på, men det fyrste — og kanskje mest ”forutsigbare” — er at eg vil minne meg om den tid Gud kom inn i vår verd som eit lite barn, og på den måten — gjennom å bli kjøt — kunne nyskape oss i sitt bilete. ”De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde,” skriv Paulus, ”at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.” (2Kor 8:9) Og som han sa det tidlegare i same brev: ”Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.” (2Kor 3:18)

Men det er likevel noko anna som er like viktig, eller kanskje meire viktig. Og det er at vi kan bruke advent på å huske på Kristi andre komme. Advent kjem frå lat. Adventus Domini, og betyr ”Herrens komme.” Men som sagt, Herrens andre komme er like viktig som Hans fyrste. I slutten av dagens evangelietekst seier Kristus: ”Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar tyngjast av svir og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.” (Luk 21:34-36)

Og dette vil eg at de skal huska på denne søndagen, og resten av advent. Husk på at Kristus kjem att, og husk — som enkelte kanskje fekk med seg i evangelieteksten til DNK førre søndagen (Matt 25:1-13:) — å ha olje i lampen din.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s