Josten Børtnes om Gud og metaforisk tenking

Onsdag i førre veka var eg til stades på eit foredrag arrangert av Bjørgvin Kirkeakademi. Foredraget — som hadde tittelen “Hvordan kan vi snakke om Gud i dag?” — vart gjeve av Jostein Børtnes, professor i russisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Hanshovudannliggande var at vi i moderne tid, i all hovudsak etter “opplysningstida,” har mista mykje av evnen til å tenke metaforisk. Børtnes sa at vi ikkje har mista sjølve evnen, vi bruker metaforar heile tida. Dømer er at den gamle mannen “gjekk av med pensjon,” at “livet er ei reise,” etc. Men problemet var at ein ikkje har — eller kanskje heller at ein ikkje bruker — desse evnene når det er snakk om det skrivne ord, mellom anna Bibelen.

Børtnes poengterte noko som ofte skjer når ein diskuterer slike tekstar eller religion generelt. La oss seie at du snakker med ein bekjent om eit teologisk spørsmål, og så seier du noko om Gud. Då hender det ofte at folk seier, “men det er jo berre ein metafor.” Tanken som ligg bak dette uttrykket, og som Børtnes er ueinig med, er at vi kan fjerne metaforane, og erstatte dei med noko “eigentleg.” Men kan vi det?

Eit hovudpoeng i teologien er at vi berre kan snakke om Gud anten i negasjonar(1) eller på metaforisk vis, om “Guds ikon.” (Gregor av Nazians) Men før vi går vidare, kva er ein metafor? Børtnes nytta seg her av to tekniske begrep, kjeldedomene og måldomene. Kjeldedomenet er det vi kjenner til, måldomenet er det vi prøver å forklare. La oss ta minnet som døme. Uttrykket tabula rasa, “rein tavle,” nytter seg av eit kjeldedomene (tavle) for å forklare eit måldomene (minnet vårt).

Men kva med Bibelen? Den er stappfull av metaforar: Gud er vår Far, Kristus er “ljoset for verda,” Kristus er “døra,” etc. Problemet er at folk ikkje lenger les dette som metaforar, og difor legg nye meiningar i tekstane. Eit godt døme på dette, som ofte kjem fram under diskusjonar på nettet, er at mennesket er skapt i Guds bilete. Eg les dette som ein metafor som fortel oss at vi har ein del eigenskapar som Gud har, mellom anna fornuft, fri vilje, kjærleik, etc. Men mange ser ut til å tru at dette er eit bevis for at Bibelen seier at Gud er kroppsleg.

Så min oppfordring er å lære å lese ting metaforisk, spesielt dersom de les noko om Gud.

PS! I Vårt Land i går (nettutgåva i dag) var det ein utførleg artikken om dette foredraget, forfatta av Ole-Christian Bråten (som eg slo av ein prat med etter foredraget/samtalen).

Noter:

1. Dette fell inn under det vi kaller “apofatisk teologi.” Hovudpoenget er at vi ikkje kan vite kva Gud er, berre kva Gud ikkje er. Vi veit at Gud ikkje er overvinneleg, difor seier vi at Gud er u-overvinneleg. Vi veit at Gud ikkje er endeleg, difor seier vi at Gud er u-endeleg, etc.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s