“Ancestral Sin vs Original Sin”

(Via Pontifications)

I Den ortodokse kyrkja har ein dei siste åra skrive mykje om det ein kallar for “Ancestral Sin,” i motsetnad til “Original Sin.” I bloggen sin spør Ephrem Hugh Bensusan, ein ortodoks kristen, om det verkeleg er noko essensiell forskjell, eller om det berre er stråmannsargumentasjon frå ortodoks side. Konklusjonen lander på sistnemnde, og den beste delen av heile hans analyse — og som stemmer godt overens med mine diskusjonserfaringar — finn ein i denne setninga:

[This section] consists of a caricature of the development of Western Christian thought, aimed at making an argument that has become characteristic of Orthodox evangelism in the past several decades – one that distills down to “Your God is mean; our God is nice. Come worship the nice God.”

Les artikkelen. Men fyrst vil eg skrive ned nokre tankar om dette.

Eg fekk ein gong dette spørsmålet: “Kan du vise meg ut ifra skriften at vi arver våre fedres og mødres synd og at vi arver en natur som umulig kan overgis til ånden slik at en kan leve syndfritt?”

Sal 51:7: “Ja, med skuld kom eg til verda, med synd vart eg avla i mors liv.”

Rom 5:12: “Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda.”

1Joh 1:8: “Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.”

Problemet er at han laga seg ein stråmann som han påstår er den katolske/lutherske læra om arvesynda, og angrip den. Når dette vert påpeika, så står han likevel på sitt. Mitt syn, som ein finn både i den katolske katekisma, og i Confessio Augustana, er at mennesket — ved Adam — har mista ein del gåver, ikkje noko vi har “rett” på. Problemet er at ein ofte blandar inn synd og skuld. Alle har — ved Adam — del i synd. Dette er klart Bibelsk. “Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda.” (Rom 5:12)

Men kva med små barn, tenker sikkert han då? Blir ikkje dei frelst. et har Paulus svar på:

“Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus… Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå mykje større.” (Rom 5:15.18-20)

Sjølv trur eg at Fr Johannes Johansen ved St. Nikolai menighet i Oslo, seier det bra:

[I Den gamle kirken har vi, i stedet for synd og rettferdighet,] i første rekke død og liv. Vi vil ikke si at menneskene er skyldige med Adam i synden, men at vi har arvet konsekvensene av hans synd, nemlig syndighet og skrøpelighet som gjør at vi stadig etterligner ham i vår synd. Men vi vil ikke si at vi er skyldige i noe som Adam gjorden en gang i begynnelsen. Arvesynd er ikke noe egentlig tema i ortodoks teologi, men arvedød. At vi har arvet dødeligheten.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s