Han er større enn oss!

I dag er det 3. Søndag i advent, og tekstane for dagen er Sef 3:14-18a, Fil 4:4-7 og Luk 3:10-18. Som eg pleier, så skal eg her meditere litt over teksten.

Som førre søndagen, så har vi også her å gjere med Johannes døyparen. Når folk spør han om det er han som er Messias, svarar han: “Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.” (Luk 3:16)

No i advent er det ventinga på Kristus som står i fokus. Dette ser vi klart av dei tekstane som er valt ut som lesetekstar. Fyrste søndag i advent var det Kristi andre komme som stod i fokus, 2. søndagen var det Johannes døyparen sitt verke som “stod i fokus,” og denne søndagen tar vi tak i hans audmjuke haldning. Kristus sa at “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen.” (Joh 14:12)

Men Johannes døyparen forstod at dette var fordi Kristus verka gjennom oss, og at alt vi gjer er i Han. Og la dette no stå fram for deg i dag. Husk å gjere alt du gjer i takk til Gud.

Då vil eg anbefale å lese eit utdrag frå Tone Stangeland Kaufman sin andakt for 3. søndag i advent. Merk at ho fylgjer tekstrekkja fro DNK, som i dag har Matt 11:2-10 som sin lesetekst.

Johannes levde et enkelt liv i ødemarken, men sto frimodig fram og forkynte at folk måtte vende om. Og folk søkte til ham for å bli døpt og for å få forlatelse for sine synder. Til tross for at han i begynnelsen var uvillig, tror jeg det må ha vært et spesielt øyeblikk for ham å få døpe Mesteren selv. Å få se himmelen åpne seg og høre røsten som sier: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede» (Matt 3,17).
Kanskje tenkte døperen for seg selv: Nå er mitt oppdrag fullført. Nå er frelsen kommet. Nå er Gud selv midt iblant oss. Ifølge Matteus, begynte Jesus sin tjeneste først etter at Johannes var blitt fengslet. Det er også oppsiktsvekkende at Matteus anvender tittelen Kristus (som betyr «Messias» og «salvet») om Jesus. For hans (trolig) jødekristne adressater er dette et tydelig signal om at Jesus virkelig er Messias.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s