Helvete — evig eller total utsletting?

Eg diskuterer frå tid til annan med adventistar og andre liknande grupper, og har difor komme over deira syn på fortapinga, nemleg at den er ei evig, total, utsletting. Men mitt spørsmål til desse er; kva forhold har dette til vår frie vilje?

Har mennesket fri vilje? Dette har ein diskutert mykje oppetter historia. Denne Wikipedia-artikkelen om temaet prøver seg med ein definisjon:

Det er gjort ei rekke fortolkningar av fri vilje då dette utsagnet er uklårt. Aristoteles satte opp si definering av fri vilje og samanhengen med ansvarsproblemet i setninga Om ikkje viljen er fri, kan ikkje menneska gjerast ansvarlege for sine handlingar.

Eg skal ikkje sitere alt, men stoppar der. For adventistane — og dei fleste andre kristne som held seg til det fortapingssynet eg her tar for meg — (meiner at dei) held seg til Bibelen. La oss sjå på to bibelstader i GT, og prøve dei opp mot Aristoteles sitt spørsmål:

“Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di. Elska Herren din Gud, høyr på han og hald deg til han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.” (5Mos 30:19f)

“Og dei skal velja døden framfor livet, alle som vert att av denne vonde ætta, på alle dei stader eg driv dei bort til, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.” (Jer 8:3)

Kan personar utan fri vilje velje livet? Kan personar utan fri vilje elske? Men over til tema igjen. Fridom vil seie at mennesket kan la vere å velje Gud, seie “aldri Gud!” Men dersom ein blir totalt utsletta, korleis kan ein då velgje Gud aldri?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s