Julaftan

I dag er det både 4. søndag i advent og julafta, så tekstane blir nok sentrert rundt det sistnemnde. Eg vil likevel ta for meg tekstane med advent i sinn. Tekstane er i dag Mika 5:1-4a, Hebr 10:5-10 og Luk 1:39-45 (gudsteneste på dagen); og Jes 62:1-5, Apg 13:16-17.22-25 og Matt 1:1-25 (vigilemessa). La oss lese evangelietekstane.

Luk 1:39-45 (gudsteneste på dagen):

Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og sa med høg røyst: “Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.”

Matt 1:18-25 (vigilemessa, kortversjonen):

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: “Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.” Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,og dei skal gje han namnet Immanuel — det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin, og han gav han namnet Jesus.

Fokuset i dag ligg altså på Kristus, at Han er Immanuel, “Gud med oss,” og at Han skulle kallast Jesus, “for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.” Eg vil ikkje skrive stort meir i dag, men eg vil minne folk på kva dette betyr. Det betyr at Gud vart menneske, slik at vi — av nåde — skulle få del i hans guddomlege rikdom (2Kor 8:9), få “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4). Dette er hovudfokuset no i adventstida. Vi bruker denne høgtida, der vi minnast at Gud vart menneske, til å fokusere på frelsa, og på Kristi andre komme.

Gå no inn i dagen, og inn i julehøgtida, med dette i sinn: Kristus kan bli fødd tusen gonger i Betlehem, men det som er viktig, er at Han blir fødd i deg (fritt etter Meister Eckhart)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s