Spekulasjonar rundt “Harry Potter and the Deathly Hallows”

Som mange sikkert har fått med seg, så har J.K. Rowling no avslørt kva den siste Harry Potter-boka skal heite; Harry Potter and the Deathly Hallows. Eg tenkte, sidan eg er ein stor fan av serien, å skrive ned nokre tankar omkring denne boktittelen, mellom anna kva eg trur den kan vise til. Eg gjer oppmerksam på at det blir nokre spilers her, så ikkje les vidare dersom du ikkje har lest dei føreståade bøkene — eller har tenkt å gjere det.

Det er mange forskjellige teoriar ute å går på nettet, enkelte er litt “far fetched” — litt “ute på viddene” — medan andre er gode. Eg vil her kort gjere ein analyse av tittelen, og gå derifrå.

Deathly. I ordboka finn ein ei rekkje definisjonar på ordet deathly: (1) causing death; deadly; fatal, (2) like death: a deathly silence, (3) of, pertaining to, or indicating death; morbid: a deathly odor from the sepulcher, (4) in the manner of death, og (5) very; utterly: deathly afraid.

Det kjem klart fram av dette at det er snakk om noko fælt, noko horribelt. Noko dødeleg, men på eit heilt anna nivå enn vanleg fysisk død. La oss sjå på neste ord.

Hallows. Ordboka har to definisjonar på ordet finn ein ei rekkje definisjonar på ordet hallows: (1) to make or set apart as holy, og (2) to respect or honor greatly; revere.

Dette viser oss at vi har å gjere med noko heilagt, eller noko heilaggjort. La oss no spekulere kva desse to orda betyr.

Meininga bak “Deathly Hallows.” Rowling sin tittel er såpass open at den kan bety mange ting — og kanskje gjer den også det. Eg vil her dra fram to, svært ulike tolkingar. Ei kort presentasjon av desse finn ein på bloggen til John Granger, og han har fått dette frå Odd Sverre Hove, sjefsredaktør i den kristne dagsavisa Dagen:

1) Deathly Hallows = persons dying sacrificially or even as martyrs because of love – to give life to their loved ones (person-oriented interpretation)

2) Deathly Hallows = objects, relics, belonging to the four founders, but desecrated and made «deathly» by LV’s horcruxes (relic-oriented interpretation)

Tittelen kan referere til martyrar for den gode saka, folk som har gått i døden for “ei heilag sak.” Desse inkluderer James og Lilly Potter (foreldra til Harry), Cedric Diggory, Frank og Alice Longbottom,(1), Sirius Black og Albus Dumbledore. Desse ofra seg alle for den gode saka. Men eg trur ikkje det er dette Rowling skriv om, eg trur at ho refererer til Horcrux-magien.(2)

Eg trur at “Deathly Hallows” er objekt eller relekvier som har tilknyting til noko heilagt, eller noko godt, og at Voldemort har øydelagt og “pervertert” dei. Men før vi går vidare, kva er eit horcrux? I det 23. kapitlet av Harry Potter and the Half-Blood Prince kan vi lese om den såkalla horcrux-magien. Eit horcrux er ein ting — kva som helst ting — der ein kan leggje ein del av sjela si, og på den måten vere “udøydeleg.” Dette lærer vi gjennom eit minne som Harry og Dumbledore ser på i ein pensieve (“tenketank”). Det er ein samtele mellom professor Horace Slughorn og Tom Riddle (før han blir Voldemort). Eg vil her dra fram nokre små sitat frå den samtalen, frå det Slughorn sa (s. 463-465):

“A Horcrux is the word used for an object in which a person has concealed part of their soul.”

“Well, you split your soul, you see, and hide part of it in an object outside the body. Then, even if one’s body is attacked or destroyed, one cannot die, for part of the soul remains earthbound and undamaged. But of course, existence in such a form… few would want it, Tom, very few. Death would be preferable.”

“Well, ou must understand that the soul is supposed to remain intact and whole. Splitting it is an act of violation, it is against nature.” “[You can do it by] an act of evil — the supreme act of evil. By committing murder. Killing rips the soul apart…”

Rowling har nok laga ordet “horcrux” sjølv, men tanken er ikkje ny. Konseptet der du kan “splitta sjela” er ein velkjente klisjé (og det treng ikkje vere negativt, les berre det eg skreiv om “Stock responses” i denne posten). Du ser det mellom anna i Ringen i Tolkien sitt verk Ringdrotten (Ringenes Herre), og i mange eventyr. Men poenget er ikkje at det er ein klisjé, men kva Rowling viser oss gjennom denne klisjeen. Men kva betyr namnet?

Sidan Rowling bruker mykje latin i bøkene sine, så kan vi kanskje sjå etter det latinske. Ordet “horcrux” kan vere samansett av horreo, “frykteleg,” “grusom,” og crux, “kross.” Det kan altså bety at 1) ein grusom kross, ein grusom måte å oppnå evig liv utanom den verkelege Krossen, og/eller 2) ein grusom krysning mellom ein form og feil stoff. Sjela er kroppens form, og skal vere knytt til kroppen, ikkje til eit utanforståande objekt.

Eg trur at det er snakk om ein “frykteleg og grusom kross,” eller ein forvrengt kross. Det ser vi også i uttalinga av ordet, som høyrest ut som “whore crux,” slik at ordet kan spele på ei forvrenging av krossen, slik hor er ei forvrenging av seksualiteten. Poenget er at det er snakk om ein grusom måte å “oppnå” evig liv utan Kristi kross. Krossen handlar om Kristus som ofra seg sjølv, og som kalla oss til å “seia nei til [oss] sjølv, ta krossen [vår] opp og følgja [han]” (Matt 16:24). Horcrux-magien handlar om det motsette, å ofre andre, og opphøgje seg sjølv og sin maktposisjon. Men kva resulterer dette i? Vel, ikkje i evig liv. Kristus seier vidare (Matt 16:25-26a) at “den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?”

Horcrux-magien er svært mørk. For det fyrste bruker den ein utilgjeveleg formel, drap. For det andre, i Slughorn sine ord, ein handling som går mot naturen, fordi sjela skal vere intakt og heil. Odd Sverre Hove, sjefsredaktøren i Dagen, tok opp dette i eit intervju med Vårt Land (18.11.05) der han seier at å “leve som et helt menneske, er en god kristen ambisjon. Forfatteren får indirekte fram en advarsel ved å vise at den som deler opp sin sjel, selv blir et redskap for ondskapen.”

Dumbledore åtvarar Harry kraftig mot den mørke magien, og påpeiker ein klar forskjell mellom han og Voldemort, nemleg at Harry kan elske, og at han ved dette skal slå Voldemort. I kristendommen lærer vi at vi ikkje når evig liv gjennom å drepe andre, gjennom “sjølvopphøging.” Vi når det gjennom å vere audmjuke, gjennom å “seia nei til [oss] sjølv, ta krossen [vår] opp og følgja Kristus.” For “ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.” (Joh 15:13)

Så får vi vente sjå om eg har fårstått litt at det Rowling meinte med tittelen på siste bok.

Noter:

1. Desse vart ikkje drepne, men torturert så mykje at dei vart øydelagde psykisk og mentalt sett. Så eg trur dei får ein plass blant martyrane.

2. I den norske omsetjinga av Half-Blood Prince, Harry Potter og Halvblodsprinsen, er ordet omsett med malacrux. Eg er usikker på kvifor det er gjort, men trur det er gjort med latin i tankane. “Mala” kan vere henta frå lat. malitia, frå malus, “vondt.” Malitia finn ein igjen i det engelske ordet malice; “desire to inflict injury, harm, or suffering on another, either because of a hostile impulse or out of deep-seated meanness.”

Kjelder:

“Deathly.” (n.d.). Dictionary.com Unabridged (v 1.1). http://dictionary.reference.com/browse/Deathly (26.12.2006)

Granger, John, “The Meaning of “Deathly Hallows”.” HogwartsProfessor.com, 25.12.2006. http://hogwartsprofessor.com/?p=5 (26.12.2006)

“Hallows.” (n.d.). The American Heritage® Dictionary of the English Language, Fourth Edition. http://dictionary.reference.com/browse/Hallows (26.12.2006)

“Malice.” (n.d.). Dictionary.com Unabridged (v 1.1). http://dictionary.reference.com/browse/Malice (26.12.2006)

Rowling, J.K., Harry Potter and the Half-Blood Prince (Adult edition). Bloomsbury, 2005.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s