Nyårsafta

I dag vel eg å bruke tekstane for Den norske kyrkja. Tekstane, som de kan finna på denne sida, er Luk 13:6-9, 1Joh 1:5-7 og Sal 103:1-4.8-12. I år er det altså ein gammaltesamentleg tekst som er preiketekst.

Eg byrja eigentleg dette allereie på fredag, då eg siterte preiketeksten, samt nokre kommentarar frå Odd Sverre Hove, sjefsredaktør i avisa Dagen. Eg vil her kommentere litt av det han skreiv, samt meditere litt over teksten.

“Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn.” (v.1)

Hove kommenterte her at David ikkje snakka om sjela som “en egen del av seg selv (sjel til forskjell fra legeme), men en totalitet: «hele min person», «hele meg».” Eg er heilt einig, men eg vil likevel utfylle det litt.

Aristoteles meinte — og det gjorde også mange av Kyrkjefedrane — at mennesket er eit “rasjonelt dyr.” Morten Magelssen skriv om dette i bloggen Morbus Norvegicus, og kommenterer der at mennesket “skapningens konge, det rasjonelle dyret,” er “så vidt vi vet den eneste i universet som har evnen til å reflektere over seg selv og verden. Hvorfor løfter vi da ikke blikket oftere?” Dette er eit viktig spørsmål, og eg tru det er svært viktig å ha dette perspektivet når ein les David sine ord. Paulus snakka om mennesket som anten åndeleg eller kjøtleg. Eg trur at han med “ånd” meine heile mennesket, men med eit “åndeleg sinnelag,” styrt av fornuft som igjen er styrt av Gud. Med “kjøt” meinte han det heile menneske styrt av driftene, dei irrasjonelle impulsane. Og dette er også perspektivet vi skal forstå David i. Med sjel så meiner han det heile mennesket, det rasjonelle dyret, men styrt av Gud, av Guds fornuft — Logos.

Dette gjev også eit stort perspektiv på lovprisinga av Herren. Den skal skje, som Kristus påpeiker, i “ånd og sanning” (Joh 4:23), men kva inneber det? Eg trur ikkje at det betyr at vi skal gå til messe 24 timar i døgeret, eller at vi skal gå på lovsongsmøte heile dagen. Nei, eg trur at å tilbe Gud i “ånd og sanning” inneber meir. Messa er sjølvsagt ein del av det, men ikkje det heile. Eg trur at noko av det viktigaste vi menneske kan gjere, er å utvikle vårt potensiale som menneske, bruke vår gudegjevne fornuft, og strebe mot målet, å bli Kristus lik. Når det skjer, då vil vi vere heilt og fullt menneske, for vi skal “kjenna sanninga, og sanninga skal gjera [oss] frie.” (Joh 8:32, jmf. 1Kor 13:12)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s