Herrens dåp

I dag er det festen for Herrens dåp, og tekstane er Jes 40:1-5.9-11, Tit 2:11-14.3:4-7 og Luk 3:15-16.21-22. Eg vil i dag ta imot utfordringa til biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther (DNK), om å ha meir “tekstverkstader” og gjennomgong av teksten i staden for ein andakt.

La oss sjå på evangelieteksten:

15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias? 16 Då tok han til orde og sa til dei alle: “Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.”

Før Johannes døypte Kristus noterte han at Kristus skulle døype oss “med Heilag Ande og eld.” Dette ser eg som ein klar samanbinding av Kristi dåp og vår dåp. Men det er sjølvsagt ein forskjell. Kristi dåp var ein dåp som starta Kristi oppdrag. Dagen etter Kristi dåp sa Johannes: “Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!” (Joh 1:29) I vår dåp tar vi del i Kristi verke, vi dør og står opp med Han. Men for oss er dette starten på det nye livet, utanfor lova, under nåden. Men Kristi dåp var starten på det som kom før, grunnen til at vi i det heile har fått del i nåden.

21 Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, 22 og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: “Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.”

Desse to versa er vers som for meg fortel oss at Gud er treeinig, relasjonell, for Gud opererer samstundes som tre; Faderen (“ei røyst frå himmelen), Sonen og Heilaganden. Og då fortel det oss, slik vi ser oppfor, at dåpen — som skal skje “til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande” (Matt 28:19) — er ein dåp ikkje berre for at vi skal få eit liv med Kristus, men inngangsporten til å få del i Guds liv, Fader, Son og Heilag Ande. For å seie som Kristus, Joh 17:21-23:

Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s