Den gode vinen

Tekstane for 2. søndag i det almenne kyrkjeåret er Jes 62:1-5, 1Kor 12:4-11 og Joh 2:1-11. Denne helga er eg bortreist, så eg har ikkje fått tid til å skrive noko svært utfyllande. Det eg skal gjere, er rett og slett å sitere evengelieteksten, samt ein kort kommentar til denne teksten av fader Oddvar Moi. Deretter ein kort kommentar av meg sjølv.

Joh 2:1-11:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»

Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han.

Oddvar Moi:

Johannes’ poeng med denne teksten er nok likevel ikke vinen, men det som str i siste vers: itt første tegn gjorde Jesus og åpenbarte sin herlighet, og hans disipler trodde på ham.

Det eg vil fokusere på i dag, er kjøkemeisteren sine ord til brudgommen: “Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.” Sjølv om Kristus sjølv var til stades, så ser eg på brudgommen som ein bilete på Kristus. Kristus, kyrkja sin brudgom, gjev oss den gode vinen. Men kva er “den gode vinen”?

Sjølv trur eg at det er mange lag her, men eg vil fokusere på to. Fyrst vil eg påpeike koblinga til eukaristien. Bjørn Olav Hansen skriv litt om den:

Å feire nattverd en gang i måneden er en skikk, som er helt fremmed for den nytestamentlige forsamlingen. Nattverden, eller eukaristin, ble feiret daglig blant de første kristne. “Hver dag holdt de trofast sammen på tempelplassen, og i hjemmene brøt de brødet og spiste sammen med oppriktig og hjertelig glede.” (Apgj 2,46 revidert oversettelse av 2005) Vi ser også at nattverden ble feiret i forbindelse med søndagens gudstjeneste. “På den første dag i uken var vi samlet for å bryte brødet.” (Apgj 20,7) (…)

Jeg er vært i en tradisjon hvor det er vært lagt vekt på at nattverden kun er et minnemåltid. Dette får jeg ikke lenger til å stemme med Guds ord. For meg er det blitt helt avgjørende at Jesus selv sier, når Han innstifter dette måltidet: “Mens de nå holdt måltid, tok Jesus et brød, takket, velsignet og brøt det, gav disiplene og sa: Ta, et! DETTE ER MITT LEGEME. Og han tok en kalk, takket, gav dem og sa: Drikk av den alle. For DETTE ER MITT BLOD, den nye pakts blod, som utgytes for mange til syndernes forlatelse.”

Deretter kan vi seie at vinen viser oss at livet i Kristus ikkje er kjedeleg. Vinen var på den tida eit teikn på glede. Og dermed er “den gode vinen” noko som peiker på den sanne gleden. Mennesket er skapt i Guds bilete, og gleden, lukka, er å ha fullt ut felleskap med Han. Dette får vi fullt ut i himmelen, i synet av Guds herlegdom. “Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.” (1Joh 3:2) Eller for å seie det som Augustin: “Gud, du har oss til deg, og vårt hjarta er uroleg inntil det finn kvile i deg.”

Då Gud hadde fullført sitt skaparverk, inkludert mennesket, såg han på det, “og sjå, det var overlag godt.” (1Mos 1:31) Det at døden — den åndelege og eksistensialistiske døden — kom inn i verda var eit resultat av at vi ikkje ville vere med Gud, at vi ikkje ville høyre på dette som Augustin fortel oss; at utan Gud, då er vi urolege, vi er ikkje der vi skal vere — i eit åndeleg ekteskap saman med den sanne brudgommen!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

One comment on “Den gode vinen

  1. Abelard says:

    Eukaristien har ofte blitt beskrevet som fullbyrdelsen av brylluppet mellom det gudommelige og det menneskelige, med skriftreferanser både til Johannesevangeliet, Joh. åpenbaring og Høysangen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s