Karismatikk og høgmessa i DNK

I dag (15.01.07) siterte Vårt Land (s. 25) Jens-Petter Jørgensen, Oaserørsla sin fyrste leiar, som seier at han er glad for at den karismatiske forkynninga har påverka mellom anna Normisjon. “Jeg har frydet meg etter besøk i noen av disse,” skriv han, “over hvordan idealene mine fra Oase-tiden er materialisert i de nye indremisjonsmenighetene.” Men så legg han til at det “er en nød for meg at hovedsamlingen — høymessen — i Den norske kirke de fleste steder synes å være helt uberørt av impulsene fra den karismatiske vekkelsen.”

Sjølv er ikkje eg spesielt karismatisk av meg, då mykje av dette er svært kjenslefokusert. No skal ein ikkje samanlikne Oase-rørsla med Benny Hinn, men likevel er eg skeptisk. Men det kan vel seiast å handle om “smak og behag.” Men mitt spørsmål til Jørgensen er dette: kva meiner du med at “det er en nød” for deg at høgmessa (stort sett) ikkje er karismatisk? Ser du på dette som avhengig for at folk skal bli frelst? Er ikkje folk som er skeptisk til dette “skikkelege kristne”?

Men tilbake til “smak og behag.” I våre dagar er det nærast berre høgmessa som ikkje er påverka av “den karismatisk rørsla.” Kvifor skal de også “ta over” denne? Skal det ikkje vere lov for dei som vil å gå til ei klassisk høgmesse, slik vi ser på illustrasjonen nedanfor?


Illustrasjon frå Bo Giertz: “Grunden” (1942)

2 comments on “Karismatikk og høgmessa i DNK

  1. Abelard says:

    Det er da fullt mulig å kombinere karismatikk og liturgi! Har du noensinne vært tilstede påskenatt i en ortodoks kirke?

    Det er et sært fenomen at det blant pinsevenner er et dogme om at karismatikk og faste former ikke går i hop. Dette er en villfarelse som Peter Halldorf gjentatte ganger har advart mot.

    Nå må vi for all del ikke tro at karismatikk er ensbetydende med tungetale heller.

  2. Nei, eg veit godt kva du meiner. Men når ein snakker om karismatikk i den konteksten eg skreiv om, så er det ofte i den light-versjonen som vi ofte finn i Oase og i forsamlingar som ante er ein del av — eller er inspirert av — trusrørsla.
    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s