Nådeår frå Herren

Tekstane for 3. søndag i det almenne kyrkjeåret er Neh 8:1b-4a.5-6.8-10, 1Kor 12:12-30 (evt 12-14.27) og Luk 1:1-4; 4:14-21. Eg vil i dag sitere del to av evangelieteksten, og kommentere det som står der.

Luk 4:14-21

I Andens kraft vende Jesus attende til Galilea. Og ordet om han spreidde seg i alle bygdene der omkring. Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom, og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: “I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.”

Dersom vi samanliknar denne teksten med fyrste lesetekst, frå Nehemja 8, så ser vi kva Kristi hovudoppgåve var; profet og prest. Det har tradisjonelt, i alle fall i reformatisk teologi,(1) blitt sagt at Kristus hadde et trefaldig virke — Han var konge, profet og prest. Ein fin måte å forklare dette på, er å vise til trekløveret i Ringdrotten; Aragorn (konge), Gandalf (profet) og Frodo (prest). Prestevirket er he det essensielle, meiner eg. Som prest gjekk Frodo i døden for dei han elska, lik Kristus gjekk i døden for oss. Men han hadde ein annan funksjon også; Han skulle — som profet — “ropa ut eit nådeår frå Herren.”

Kva er eit nådeår? Herborg Finnset Heiene fortel at,

Jødenes gamle lover hadde en bestemmelse om at hvert 50. år skulle all gjeld ettergis og alle slaver settes fri, og all urett opphøre – det var nådeåret. Vi vet ikke om det ble praktisert særlig ofte – men folk kjente til hva det handlet om. Denne gangen e det ikke et nådeår hos menneskene – men det er Guds nådeår som skal komme.

Dette kom Kristus for å proklamere. Men eg trur at dette blir verkeleggjort i det nye livet — når vi får ein ny himmel og ei ny jord. Men kva er eigentleg essensen i det Kristus seier? Det Kristus las opp, var ein profeti i Jesaja kap. 61, det ein no ofte kaller for ein “messiansk tekst.” som taler om Guds frelse for folket — utfriinga. Og dette ser vi er oppfylt i Kristus. Han, Messias, kom med “ein god bodskap for fattige,” ved sjølv å verta fattig. Han gav fangar fridom, ved sjølv å verta tatt til fange. Han gav sitt eige liv for at vi skulle få evig liv.

Og kva får vi av det — jo vi får eit nådeår frå Herren, ei tid der “tida står stille.” Vi går inn i den åttande dagen — Herrens dag!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter:

1. Med “reformatorisk” meiner eg ikkje luthersk, reformert, etc. men dei mange teologiske retningane etter reformasjonen, men med ei naturleg vekt på det lutherske og reformerte.

3 comments on “Nådeår frå Herren

  1. Kjetil Kringlebotten says:

    Ringdrotten er tittelen på den nye nynorske omsetjinga av The Lord of the Rings. “Drott” betyr “herre, konge.”

  2. Informasjon om Ringdrotten finn de her.

    “Sju fekk dvergdrottane
    i salar av stein,
    Menn som er saka
    til dauden fekk ni,
    Men drotten for myrkret
    ein einaste ein,
    i landet Mordor
    der skuggane rår.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s