Kroppen

Denne posten kan vere interessant å lese i lys av det eg skreiv om dei to hugane.

I Rom 7:5 står dette i 1978/85-utgåva: “Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.” Eg meiner at dette er ei svært uheldig omsetjing, spesielt sett i lys av kva vi meiner med “natur.”

I den nye omsetjinga, NT05, står det; “Då vårt kjøt og blod hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.” Sjølv om eg trur at det er både uheldig og feil å omsetje sarx, “kjøt,” som “kjøt og blod,” så er dette ei betre omsetjing. Grunnen ligg i det faktum at vi ikkje har noko syndig natur.

Då Gud var “ferdig” med skaparverket sitt, då han hadde skapt mennesket i sitt bilete, såg han på det, og såg at det var “overlag godt.” (1Mos 1:31) Det vil seie at mennesket også var “overlag godt.” Men kvifor snakkar ein då heile tida om at mennesket har ein “syndig natur”?

Eg trur at svaret ligg i ei klar misforståing av arvesynda. Arvesynd er ikkje arva skuld, men det er ein defekt. Ein kan kanskje seie at mennesket er fallent, men det er ikkje vår natur som er fallen. I bloggen alastair.adversaria er det ein artikkel om dette; «Sinful Nature, Justification, Sanctification and the Spirit.» Eg siterer:

One commonly hears Christians talking about their ‘sinful nature’. Over recent years I have become increasingly uncomfortable with this language, even though I appreciate the reality of what the language is generally being used to refer to. The problem is that such a way of speaking lacks biblical warrant. Christians are not to think of themselves as those with a fallen nature, but as those who have died to Sin.

Such a way of speaking about our nature is a description of our nature as it appears to sight. The Scripture, I believe, speaks differently. For the Scripture our true nature is found in Christ. Whilst Christians certainly sin, when they do so they are living in conflict with their essential nature. Sin, whilst undoubtedly present in our lives, is a very much an alien and ‘unnatural’ presence (despite this language, I hold to a harmatology of privation).

I diskusjonar med adventistar har eg ofte fått servert påstanden om at sarx berre betyr ein ting i NT, “fallen menneskenatur.” Men dette er feil. Ordet betyr “kjøt,” ikkje “fallen menneskenatur.”

Når ein omset ein tekst er det viktig å prøve å omsetje ting så nært originalteksten som mogeleg (konkordant omsetjing), sjølv om ein til tider må omsetje meininga (idiomatisk omsetjing). Sarx er eit døme på det. Ein annan ting som er viktig, er at ein helst skal omsetje eit ord på same måten i heile omsetjinga.

Kva er kjøtet? Eg tolker dette svært direkte, at “kjøtet” faktisk er nettopp “kjøtet,” kroppen. Paulus bruker kroppen når han snakker om mennesket. For kristne er kroppen “Guds tempel,” og den er difor retta mot Anden, mot Heilaganden. For den ikkje-kristne er det snakk om at ein held seg til kjøtet, at ein er sjølvsentrert. Kroppen er ikkje syndig i seg sjølv, men den skal vere retta mot — og brukt for — Gud. Eg trur at grunnen til Pauli bruk av “kroppen” er at det er gjennom kroppen vi gjer uttrykk for den vi er. For å sitere noko som stod på ein vegg: “Den du er blir reflektert i gjerningane dine.”

Johannes skriv at “Ordet vart kjøt,” men det betyr ikkje at Kristus var syndig. Det betyr at Kristus var eit menneske som også hadde ein kropp, men at Han ikkje levde etter den, men brukte den i lydnad mot Gud, og at vi skal bruke Han som førebilete, at vi skal ha “det same sinnelaget” som Kristus (Fil 2:5). Som Paulus seier det, Rom 8:6: “For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s