“Apocalypto”

No har Mel Gibson sin nyaste film, “Apocalypto,” hatt premiere på norske kinoar, og eg har planar om å sjå den. Men no før eg ser den, så vil eg kort kommentere ei melding den fekk i Vårt Land, av Alf Kjetil Walgermo. Han skriv der:

Hovudinntrykket er at mayaene hadde ein dårleg og barbarisk kultur. Med opningssitatet i filmen seier Gibson at dei sjølve var skuld i sin eigen undergang: «For at ein sivilisasjon skal kunne bli erobra, må han først ha øydelagd seg sjølv innanfrå» (fritt sitert).
No har Gibson kanskje tenkt skildringa av Maya-rikets undergang som eit varsku for den moderne vestlege, helst amerikanske, sivilisasjonen. Men eg får ei snikande kjensle av at Gibson trakkar i gammal salat, slik han også gjorde med sine djupt rasistiske utsegn om jødar i fjor. Når dei spanske erobrarane dukkar opp på slutten av filmen, har Gibson gitt oss grobotn for tanken om at den kvite mann er betre skikka til herredømme enn den gyllenbrune.

No har eg ikkje sett filmen, men baserer intrykket utekukkande på det Walgermo skriv. Då har eg nokre korte spørsmål: Er det slik at det ikkje er lov å kritisere ein annan kultur? Og er det slik at om ein kritiserer ein kultur så er ein automatisk tilhengar til ein annan?

La oss ta eit døme. La oss anta at “Apocalypto” handla om romarriket. Hadde ein kritisert Mel Gibson om han gjorde det same i den filmen? Rom var i stor grad skuld i sin eigen undergang. Men betyr det at om vi meiner det, så er vi automatisk tilhengar av dei som erobra rom?

Eg får ikkje dette til å stemme.

This entry was posted in Ymse.

One comment on ““Apocalypto”

  1. Les Morten Magelssen sine tankar om den nye bioteknologilova i posten “Mit brennender Sorge.” Han tar der utgangspunkt i “Apocalypto.”

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s