Misjon med age for Herren

Tekstane for 5. søndag i det almenne kyrkjeåret er Jes 6:1-2a.3-8, 1Kor 15:1-11 (evt. 1Kor 15:3-8.11) og Luk 5:1-11. I dag vil eg konsentrere meg om den gammaltestamentlege teksten, men vil også komme inn på dei nytestamentlege tekstane.

Jes 6:1-8:

I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet. Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei. Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom.»

Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk. Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lipper, og eg bur mellom eit folk med ureine lipper, og augo mine har sett Kongen, Herren, Allhærs Gud.»

Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret. Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ved lippene dine. Di skuld er borte, di synd er sona.»

Så høyrde eg Herrens røyst: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Då sa eg: «Sjå, her er eg, send meg!»

Det skal seiast at eg fyrst las feil, og trudde at teksten var frå Jes 61. Men den kan også vere interessant i denne samanheng. I Jes 61:1-2a står det:

Herrens Ande er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg til å forkynna ein gledebodskap for armingar, til å lækja dei som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne. Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren, ein dag med straff frå vår Gud.

Det som pregar begge desse tekstane er at folk skal få sine synder tilgjevne, at Gud skal “lækja dei som har eit knust hjarta.” Men det står også at nådeåret skal vere “ein dag med straff frå vår Gud.”

Det vi ser er at i møte med Gud, imøte med Kristus, ser vi at vi er små. I dagens evangelietekst seier Peter: “Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.” og Kristus svara: “Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!” Poenget i dagens tekstar er at vi er sendt ut for å vitne om Kristus, vitne om “det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord.” No kan det diskuterast om akkurat eg har sett dette med mine eigne auge, men ellers er det slik. Men dette må alltid gjerast med age for Herren. “Age for Herren er opphav til visdom, å kjenna Den Heilage er vit.” (Ord 9:10)

Dette trur eg inneber at vi skal misjonære med kjærleik, for Gud er kjærleik! Og vi må også hugse å gjere dette på ein fornuftig måte. Vi skal trass alt forkynne Logos, Ordet og fornuften. Pave Benedict XVI slo fast i Regensburgtalen,

Vold er uforenlig med Guds natur og med menneskesjelens natur. “Gud”, sier han, “behages ikke av blod, og det å ikke handle fornuftig (gr.: syn logô) er imot Guds natur. Tro fødes av sjelen, ikke av kroppen. Den som vil lede noen til tro trenger evnen til å tale vel og til å resonnere godt, uten vold og trusler… For å overbevise en fornuftig sjel trenger man ikke en sterk arm eller våpen av noe slag, ei heller andre måter til å true et menneske med døden…”.

Så husk på dette når du er “ute på misjonsmarka”: Vi er skapte i Guds bilete, og skal difor prøve å leve som dette. Vi skal forkynne Guds ord med kjærleik, vi skal vere “fullkomne liksom Far [vår] i himmelen er fullkomen.” (Matt 5:48)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s